Ein triode er eit radiorøyr med tre elektrodar. Elektrodane heiter katode, gitter og anode. Elektronstraumen frå katoden til anoden vert styrt av spenninga på gitteret.

Radiorøyr for likestraum har ein katode som er ein glødetråd. Radiorøyr for vekselspenning har ei metallkappe kring glødetråden. Kring katoden ligg det ei sky av elektronar. Når det er sett ei høg positiv spennning på anoden, går elektronane dit. Denne elektronstraumen aukar når spenningen på gitteret er positiv og minkar når den er negativ. Utan signal har gitteret litt negativ spenning. Ei lita endring av spenninga på gitteret fører til ei stor endring i elektronstraumen frå katoden til anoden.

Dette gjer at ei lita spenning frå ein mikrofon eller grammofon-pickup til slutt vert så stor at han kan driva ein høgtalar.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.