Trnava (ungarsk Nagyszombat, tysk Tyrnau; latin Tyrnavia) er ein by vest i Slovakia som ligg 47 km nordaust for Bratislava ved elva Trnávka. Han er hovudstad i Trnava kraj og eit okres med same namn. Han var lenge sete for ein romersk-katolsk erkebiskop (1541-1820, og igjen frå 1977). Byen har eit historisk sentrum. På grunn av dei mange kyrkjene innanfor bymurane har Trnava stundom vorte kalla «parva Roma», eller «Vesle Roma», eller «Slovakisk Roma» i nyare tid.

Trnava
Johannes Døyparen-katedralen i Trnava
Johannes Døyparen-katedralen i Trnava
Johannes Døyparen-katedralen i Trnava
Flagget til Trnava Byvåpenet til Trnava
Flagget til Trnava Byvåpenet til Trnava


Plassering
Trnava is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Trnava kraj
Først nemnd i 1211
Borgarmeister Peter Bročka
Geografi
Flatevidd
 - By

71,535 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

68 466
  957,1 /km²
Koordinatar 48°22′39″N 17°35′18″E / 48.37750°N 17.58833°E / 48.37750; 17.58833
Høgd over havet 146 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 917 01
Retningsnummer (tlf) +421-33
Bilnummer TT
Nettstad: www.trnava.sk

Historie endre

 
Treeiningsplaseen

Det har vore busetnader i byområdet sidan steinalderen. I mellomalderen oppstod ein viktig kjøpstad her der vegane frå Böhmen til Ungarn og frå Middelhavet til Polen kryssa kvarandre.

Den første nedskrivne kjelda som nemner Trnava er frå 1211. I 1238 var Trnava den første byen i dagens Slovakia som fekk byrettar av kongen. Det tidlegare jordbrukssenteret vart gradvis eit senter for produksjon, handel og handverk. På tidleg 1200-talet inviterte kongen av Ungarn mange tyskarar til Trnava, og denne busetnaden voks etter tatarinvasjonen i 1242. På byrjinga av 1300-talet låg Trnava innanfor svært lange bymurar.

Fleire viktige forhandlingar fann stad i Trnava. Karl I, konge av Ungarn, signerte her ein valutaavtale med den tsjekkiske kongen Johan av Luxemburg i 1327 og kong Ludvig I (som ofte var i byen og døydde her i 1380) signerte ein venskapsavtale med keisar Karl IV der i 1360.

Under felttog til dei tsjekkiske husittane på 1400-talet vart det færre tyskarar i Trnava til fordel for slovakarar. Husittane gjorde opprør mot tyskarane og Trnava vart base for felttoga deira i det sørvestleg Slovakia frå 1432 til 1435. Byen og resten av området i dagens Slovakia, vart viktigare etter at det meste av dagens Ungarn vart erobra av Det osmanske riket i 1541-. Trnava vart då sete for erkebispedømet Esztergom (før 1541 og etter 1820 var sete i byen Esztergom, som vart erobra av tyrkarane i 1543). Katedralane til erkebiskopen var Døyparen Johannes-katedralen og St. Nikolas-katedralen. Mange etniske ungarar flykta frå tyrkarane til byen etter 1541.

På 1500-talet, og særleg på 1600-talet, var Tranava eit viktig senter for motreformasjonen i Kongedømet Ungarn. Erkebiskopen Nicolas Oláh inviterte jesuittar til Trnava i 1561 for å opprette eit kommunalt skulesystem. I 1577 grunnla presten Nicolas Telegdi eit boktrykkeri i byen. Den første katolske bibelen vart omsett til ungarsk og vart gjeven ut av jesuitten György Káldi, som var fødd her, i 1573. På 1600-talet oppstod det fleire anti-habsburgske opprør i landet. Opprøra til Stephen Bocskay, Gabriel Bethlen, George I Rákóczi og Imre Thököly gjekk utover Trnava. Den 26. desember 1704 leid armeen til Francis II Rákóczi eit avgjerande nederlag for keisararmeen til Sigbert Heister ved grensa til Trnava.

Det jesuittiske Trnava universitet (1635-1777), det einaste universitetet i Kongedømet Ungarn på denne tida, vart grunnlagd av erkebiskop Péter Pázmány. Det vart grunnlagd for å støtte opp om motreformasjonen, men vart raskt eit senter for slovakisk utdanning og litteratur, sidan mesteparten av innbyggjarane i byen var slovakar. Frå seint på 1700-talet vart Tranava eit senter for den litterære og kunstnariske slovakiske nasjonalrenessansen. Den første rettskrivingsreglane for slovakisk språk var basert på den slovakiske dialekten i regionen rundt Trnava. Under revolusjonane i 1848 kjempa armeen til Richard Guyon mot den austerrikske armeen her 14. desember 1848.

Byen vart mindre viktig utover 1800-talet, då universitetet vart flytta til Buda (i dag: Eötvös Loránd Universitet) og setet for erkebsipedøemt vart flytta tilbake til Esztergom. I 1844 kom den første jernbanelinja til Trnava, frå Bratislava. Dei første jernbanevognene på linja vart dregne med hestar, før dei første damplokomotiva kom i 1872. Med jernbanen starta moderniseringa av byen. Det vart reist ein stor sukkerfabrikk, eit malthus og Coburgh-fabrikken, som seinare vart til Trnavské automobilové závody eller Tranava bilfabrikk. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet voks byen utanfor bymurane, og delar av muren vart riven ned på 1800-talet. Det meste er i dag likevel godt bevart.

Fram til den andre verdskrigen hadde Trnava ein forholdsvis stor jødisk minoritet, men dei hadde mindre fridom enn resten av borgarane frå så tidleg som i 1495, og frå 1539 til 1800, og i 1870 vart tolv jødar brende på bålet offentleg under ein pogrom.

Etter Tsjekkoslovakia vart danna i 1918 var Trnava ein av dei mest industrialiserte byane i Slovakia. I 1977 vart Trnava sete i eit eige erkebispedøme.

Etter Slovakia vart sjølvstendig i 1993, vart Trnava hovudstad i det nyoppretta Trnava kraj i 1996. Den franske bilfabrikanten PSA bygde ein stor bilfabrikk i Trnava i 2003.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre