Troitse-Sergijeva Lavra

Troitse-Sergijeva Lavra (russisk Тро́ице-Се́ргиева ла́вра, som tyder «Treeiningsklosteret til Sergius den heilage») er eit kloster i Russland, det åndelege senteret for den russisk-ortodokse kyrkja. Klosteret ligg i byen Sergijev Posad, rundt 70 kilometer nordaust for Moskva på vegen mot Jaroslavl.

Troitse-Sergijeva Lavra

Kart
Troitse-Sergijeva Lavra
56°18′37″N 38°07′46″E / 56.310277777778°N 38.129444444444°E / 56.310277777778; 38.129444444444

Klosterbygningane endre

Klosteret vart grunnlagt i 1345 av den høgt akta russisk helgenen Sergius av Radonezj, som fekk bygt ei trekyrkje på Makovetsåsen til ære for Den heilage treeininga. I 1355 innførte Sergius eit påbod som kravde bygging av tilstøytande bygningar, så som refektorium, kjøken og bakeri.

I 1422 vart heilage Sergius erklært for vernehelgen for den russiske staten. Same året tok eit arbeidslag av serbiske munkar til å bygge den fyrste steinkatedralen, munkane hadde flykta frå Serbia etter slaget ved Kosovo. Relikviane etter St. Sergius finst framleis i denne katedralen, som er tileigna Den heilage treeininga. Dei fremste ikonmålarane i Russland, Andrej Rubljov og Daniil Tsjornyj, vart tilkalla for å dekorere katedralen med freskar.

I 1476 inviterte Ivan III fleire handverksmeistrar frå Pskov for å bygge Den heilage ånds kyrkje. Denne bygningen er eit av få gjenverande døme på ei russisk kyrkje med klokketårn i toppen. Interiøret i kyrkja inneheld den tidlegaste kjende bruk av glaserte fliser for dekorasjon.

Det tok 26 år å bygge den seks-søyla Maria Himmelfarts-katedralen, som Ivan den skrekkelege bestilte i 1559. Katedralen er mykje større enn modellen sin, 'namnebroren' i Kreml i Moskva. Den storslegne ikonostasisen i katedralen er frå 1500- til 1700-talet og viser Simon Usjakovs meisterverk. Dei innvendige veggene vart måla i fiolette og blå freskar i 1684 av eit meisterlag frå Jaroslavl.

 
Maria Himmelfarts-katedralen
 
Utsyn mot klosterbygningane

På 1550-talet vart ei trepalisade som omringa klosteret erstatta av ein 1,5 km lang steinmur, med tolv vakttårn. Like ved klostermurane vart St. Paraskevas kloster etablert. Både St. Paraskevas kyrkje (1547), Introduksjonskyrkja (1547), og eit 1600-talskapell over St. Paraskevas brønn er framleis synlege.

Seinare har mange fleire bygningar vorte bygt. Der i mellom eit lite barokkpalass for patriarkane, kjend for sitt luksuriøse interiør, og eit kongeleg palass med fasadar måla i sjakkbrettmønster. St. Sergius refektorium, med et areal på 510 kvadratmeter og eit iaugefallande sjakkbrettmønster, var i si tid den største hallen i Russland. Den femkupla kyrkja, bygt 1693-99 og vigd Johannes døyparen, var bestilt av Stroganov-familien og bygt over ein av portane. Andre 1600-tallsbygningar er munkecellene, eit sjukehus toppa med ei teltforma kyrkje, og eit kapell bygt over ein heilag brønn oppdaga i 1644.

Ei barokkyrkje, vigd til 'jomfrua av Smolensk', vart bygt på 1700-talet, den siste større heilagdomen bygt i lavraen. Samstundes vart eit kvitt og blått barokt klokketårn reist, med ei høgde på 88 meter var det ei av dei høgste bygningane i den tids Russland.

 
Det 88 meter høge klokketårnet

Historie endre

Påbodet frå 1355 danna modell for helgenen Sergius mange tilhengarar. Dei grunnla over 400 kloster over heile Russland, mellom dei Solovki, Kirillov, og Simonovklostera. Klosteret vart herja av brann då ein tatarisk krigsstyrke plyndra området i 1408.

Moskovittiske kongelege vart tradisjonelt døypt i denne katedralen, og dei heldt også sine takkegudstenester her. Krypta inneheld gravstadene til Boris Godunov og fleire patriarkar frå 1900-talet.

Etter som klosteret voks til å verte ein av dei største landeigarane i Russland, vart skogane i kring hogde ned. Nær klostermurane voks ein landsby (posad) fram og utvikla seg gradvis til den noverande byen Sergijev Posad. Klosteret var på 15-1600-talet eit kjent senter for krønikeskriving og ikonmåling.

I 1744 gav tsarina Elisabet klosteret status som lavra. Metropolitanen av Moskva vart deretter erkemandritt for lavraen. Elisabet var særleg oppteken av treeininga, og gjekk kvart år til fots frå Moskva til klosteret.

Lavraen var gjennom heile 1800-talet det rikaste klosteret i Russland. Eit seminar grunnlagt i 1742 vart erstatta av eit eklesiastisk akademi i 1814. Klosteret rådde då over ei sjeldan samling av manuskript og bøker, og var ein leiande lærestad.

1900-talet endre

Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart lavraen i 1920 stengd av den sovjetiske regjeringa. Klosterbygningane vart tildelt ulike offentlege institusjonar, eller erklært som museum. Klosterklokkene, inkludert den 65 tonn tunge tsarklokka, vart øydelagde i 1930.

I 1945, som utslag av Josef Stalin sin mellombels toleranse overfor kyrkja under andre verdskrigen, vart lavraen returnert til den russisk-ortodokse kyrkja og det vart halde gudstenestet frå 1946 i Maria himmelfarts-katedralen. Lavraen heldt fram som sete for Moskva-patriarkatet til 1983, då patriarken fekk løyve til å busetje seg i Danilovklosteret i Moskva.

Troitse-Sergijeva Lavra vart i 1993 oppført på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Troitse-Sergijeva Lavra