Trollheimen

fjellområde i Møre og Romsdal og Trøndelag

Trollheimen er eit fjellområde på grensa mellom Nordmøre i Møre og Romsdal og Trøndelag. I vest er fjella av alpin karakter, mens dei i aust er rolegare. Området er avgrensa av Surnadal og Rindal i nord, Orkdal og Dovrebanen i aust, Sunndal i sør og fjordane i vest.

Trollheimen
fjellområde
Trollheimen om vinteren sett frå aust. Dalen som skjer i landskapet er Gjevilvassdalen og fjellet som er gryteforma til venstre i biletet heiter Okla.
Land  Noreg
Område Møre og Romsdal
og Trøndelag
Høgd Trolla: 1 850 moh.
Koordinatar 62°51′N 09°05′E / 62.850°N 9.083°E / 62.850; 9.083
Kart
Trollheimen
62°51′N 9°05′E / 62.85°N 9.08°E / 62.85; 9.08
Wikimedia Commons: Trollheimen
Trollheimen ligg i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Historie endre

Gjennom millionar av år har isbrear forma fjellområdet. Breane har laga u-dalar i aust og elvar og stryk har laga v-dalar i vest. Trollheimen var sannsynlegvis det området i landet som først smelta etter istida, og funn som er opptil 9 000 år gamle tyder på at det har budd menneske i området sidan steinalderen. Fangst har vore matveg i alle tider, også no, særleg fugl, rein og elg. No er området viktig for norsk friluftsliv og idrett som fjellklatring.

Namnet «Trollheimen» vart først føreslått av Håkon Løken, og vart gitt til området av Trondheim Turistforeining i 1880-åra.

Arkeologiske funn endre

I Trollheimen finst mange spor av steingjerde frå steinalderen. Desse har vore nytta for å fanga inn reinsdyr og jaga dei utfor stup der reinsdyr vart drepne. Gjerda er svært gamle og nokon av dei ber spor av å ha vore der sidan den siste istida trekte seg attende. Dette er ein indikasjon på at desse jegerane var mellom dei første menneska som kom til Noreg etter istida. Sidan 1997 har det vore mange unormalt lange og varme somrar i området noko som har ført til at isbrear har smelta og avdekt mange prehistoriske funn som t.d. pilespissar. Nokre er meir enn 4 000 år gamle, mens majoriteten er frå 1 000 til 2 000 år gamle. Om vintrane drog desse jegerane truleg til kysten (Sunndalsfjord, Surnadalsfjord, Todalen) for å unngå dei harde vêrtilhøva i fjella. Dei som går nære isbrear om sommaraen og hausten er oppmuntra til å halda utkikk etter prehistoriske funn.

Natur endre

 
Gjevillvatnet i Trollheimen.

Trollheimen dannar eit klimaskilje mellom landsdelane og har fleire freda område:

  • Noregs første landskapsvernområde Innerdalen (1967)
  • Trollheimen landskapsvernområde i Rindal, Surnadal, Sunndal, Oppdal, Rennebu og Meldal (1 165 km², 1987)
  • Svartåmoen naturreservat i Surnadal og Rindal (12 650 dekar, 1987; utvida 1999)
  • Minilldalsmyrane naturreservat i Oppdal og Rennebu (1878 dekar flatmyr, 1990)

Området er kjent for ein spanande fjellflora og her veks mellom anna den sjeldne planten norsk malurt.[1]

Mellom dei høgste fjella er Trolla (1850 moh.), Såtbakkollen (1840 moh.), Dronninga (1816 moh.), Kongen (1806 moh.), Blåhø (1672), Snota (1668) og Trollhetta (1614).

Djupe, tronge dalar skjer gjennom landskapet. Dei mest kjende er Innerdalen, Todalen og Gjevilvassdalen.

I snitt går skoggrensa på vel 1000 meter her, men på grunn av mildare klima dei siste åra, ser ein no at skoggrensa kryp oppover fjellsidene, år for år. Det er også noko mindre beiting i området no. Det er i dag berre 10 % av arealet i Trollheimen som er under skoggrensa.

Næringsliv endre

Det er særleg jordbruk, turisme og vasskraft som er viktige næringsvegar i Trollheimen.

 
Innerdalstårnet

Jordbruk endre

Trollheimen tilbyr godt beite og samla tal på smale er mellom 10 og 12 000 dyr. Det vert drive reindrift her med ein stamme på om lag 2 500 rein. I tillegg er det mindre mengder storfe. Det finst ikkje villrein i Trollheimen lenger.

Turisme endre

Det er mykje turisme i området og her er fleire hytter i turistnettet til Den Norske Turistforeining. Hyttene som vert drive av Trondheims turistforeining er Trollhytta, Gjevilvasshytta og Jøldalshytta. Turistforeininga kallar turen mellom desse hyttene for Trekanten. Kristiansund og Nordmøre Turistforeining driv den sjølvbetente hytta Vollasetra.

Dalane i Trollheimen ligg på om lag 500 til 700 moh. medan fjellmassiva ligg frå 1000 til 1850 moh. slik at høgdeskilnaden er stor på turane. Gåturane vert ikkje karakterisert som særs krevjande, men klatreulykker skjer og fjellet har i enkelte tilfelle kravd liv. Mellom anna har fleire omkomme i Trolla-massivet.[2][3]

I vinterhalvåret er det køyrd opp fine skiløyper kringom i området.[4] Særleg i påskeveka er det mykje folk i dei. Det står om lag 1500 hytter kringom i Trollheimen. Flest hytter er det rundt Skarvatnet og Gjevilvassdalen i Oppdal, Resdalen i Meldal og på Nerskogen i Rennebu. Det er auka interesse for å nytta Trollheimen i reiselivsnæringa.

Vasskraft endre

Mellom 1960 og 1980 vart mykje av vasskrafta i Trollheimen er bygd ut. 75 % av vasskraftpotensialet i Trollheimen er no bygd ut og over halvparten av vassoverflata er regulert. Dette gjev ein midlare årsproduksjon på nesten 1 800 GWh (frå om lag 380 MW installasjon).

Forsking endre

På Kårvatn har Norsk institutt for luftforskning hatt ein målestasjon sidan 1978. Målingane syner at dette er eit av dei områda i Nord-Europa med minst ureining. Slik har Kårvatn vorte ein viktig referansestasjon.

Anna endre

 
Spegelsalen i Trollheimen opna seg enkelte år.
Foto: Richard Strimbeck

Spegelsalen og Blåsalen endre

Om lag 5 timars gåtur nord for Gjevilvasshytta låg det fram til 2007 eit par isgrotter kalla «Spegelsalen» og «Blåsalen». Isgrottene var danna av at det gjekk ei elv gjennom fonna som ligg mellom Svarttjønnin og Blåhøtjønna. Det var berre i enkelte år at desse isgrottene opna seg og då kunne ein med ei god lykt gå opptil 300 meter inn under isbreen.

Spegelsalen har vorte kalla ein «Iskatedral» og var eit særs spanande syn med mange fargespel, lange og vaksne istappar og stort rom.[5] Det vart arrangert turar hit og det har vore arrangert kunstutstilling inne i Spegelsalen.[6] Det er likevel knytt risiko til å vere inne i ein isbre.

På grunn av klimaskiftet krympar isbreane, og i november 2007 kollapsa taket over isgrottene og dei er no borte.[7]

 
Spegelsalen baud på katedralstemning med mange fargespel. (Foto: Richard Strimbeck)

Kjelder endre

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. januar 2006, henta 18. mars 2006 
  2. [1][daud lenkje]
  3. [2]
  4. [3]
  5. http://www.klikk.no/DBGfx/Articles/ap4409.jpg[daud lenkje]
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. oktober 2007, henta 11. mars 2006 
  7. NTB (26. november 2007), «Speilsalen og Blåsalen kollapset», adressa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 28. oktober 2021, henta 12. oktober 2021 

Bakgrunnsstoff endre