Trompetfuglar

fuglefamilie
Trompetfuglar
Gråvengtrompetfugl, Psophia crepitans
Gråvengtrompetfugl, Psophia crepitans
Utbreiing
Utbreiinga av Trompetfuglar
Utbreiinga av Trompetfuglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Trompetfuglar Psophiidae
von Linné, 1758

Trompetfuglar er ein familie med ei slekt av tre til seks artar med leveområde avgrensa til skogane i Orinocobassenget og Amazonasbassenget. Namnet trompetfuglar har dei fått av dei trompetstøtaktige kalleropa som hannfuglane gjer.

Skildring endre

Dei liknar tamhøns i storleik, måler frå 45 til 52 centimeter og veg frå 1.0 til 1,5 kilogram. Dei er runde i kroppsforma. Nebbet er kort og kraftig, hals og føter er lange. Hals med hovud er s-forma i samankropen haldning. Hovudet er lite, men augo er relativt store, noko som kan gje eit «godmodig» uttrykk. Fjørdrakta er mjuk, liknar pels eller fløyel på hovud og nakke. Fargene går hovudsakleg i svart, med iriserande lilla, grønt eller bronsefarge, særleg på vengdekkfjørene og nedre nakke. Dei sekundære og tertiære flygefjørene er kvite til oransje, grå, eller grønlege til svarte. Dei har òg hårliknande fjører som fell ned lengst bak på ryggen i same farge. Desse fargene gjev namn til artane.

Trompetfuglane er dårlege flygarar, men gode løparar, dei kan lett flykte frå hundar. Dei er òg i stand til å symje over elver. Dei nyttar mesteparten av dagen i støyande flokkar, somme tider på meir enn 100 individ samlast nede på skogbotnen. Næringa er frå ei blanding av animalsk og plantebasert føde, dette kan vere nedfallen frukt, ofte frukt som er slått ned av aper, små mengder leddyr, blant anna maur og fluger, og dessutan krypdyr og amfibium.[1] På kvelden flyg dei opp i tre for å kvile 6 til 9 meter over bakken.

Den vide reirplassen til trompetfuglar ligg ofte i hole tre eller nokre gongar i krona på ein palme, alltid over bakken, frå få meter og opptil 13 m. Trompetfuglar bygger ikkje reir, men legg 2 til 4 egg direkte på underlaget. Egga har ujamne, kvite skal, i snitt måler dei 60 x 48 mm. Hos kvitvengtrompetfugl og gråvengtrompetfugl kan grupper av vaksne gje kollektivt omsorg for eit enkelt ungekull.[2]

Tilhøve til menneske endre

I eller i nærleiken av den søramerikansk regnskogen har urfolket tradisjonelt heldt trompetfuglar som fjørkre. Vanlegvis tar menneske egg eller små ungar frå ville trompetfuglforeldre og lèt tamhøns klekke og oppfostre dei. Soleis blir temde trompetfuglar knytt til menneske.[2]

Temde trompetfuglar blir utnytta som vaktarar for anna fjørkre ved at dei kan oppdage slagar og avlive dei minste slangeartane. Med det kraftige tutande lætet kan dei òg spele ei rolle som «vakthund», det er sagt at dei reagerer på ukjende menneske og potensielle rovdyr.[2]

I delstaten Pará i Brasil, og i Fransk Guyana, er det vanlige namnet på desse fuglane agami.[2] Agami er òg ført opp i Store norske leksikon som eit alternativt norsk namn på arten gråvengtrompetfugl.[3]

Taksonomi og artar endre

Det er trudd at artane har ei felles nedætting datert til ca. 70-60 millionar år sidan. Fram til ca. år 2015 har det vore semje om tre artstakson og til saman fem underartstakson i gruppa. I 2019 listar IOC World Bird List[4] og EBird/Clements Checklist[5] tre artar, medan Handbook of the Birds of the World Alive listar seks artar.[2] HBW har opphøgd tre underartar til artar med referanse til ein gjennomgang av taksonomien til grønvengtrompetfugl,[6] og ein annen om utviklinga av diversifisering av organismar i Amazonas.[7]

Artsliste endre

Trompetfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]

Slekt Psophia

Tre andre takson er rekna som artar etter HBW - Alive, Family Psophiidae, species table.[2]

Kjelder endre

  • Første versjon av denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trumpeter (bird) frå Engelsk Wikipedia den 8. desember 2014
Referansar
  1. Hilty, Steven L. (2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 HBW Alive, Family Psophiidae - oppslagsverk «Handbook of the birds of the world - Alive». Henta 24. august 2019. 
  3. «agami» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 24. august 2019.
  4. IOC-lista, nemner splitten som «under vurdering» og refererer til Oppenheimer & Silveira og til Ribas et al lest 19. september 2010
  5. 5,0 5,1 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology 
  6. Oppenheimer and Silveira. 2009. A taxonomic review of the Dark-winged Trumpeter Psophia viridis (Aves: Gruiformes: Psophiidae). Papéis Avulsos de Zoologia 49(41): 547-555
  7. Ribas, Aleixo, Nogueira, Miyaki and Cracraft. 2012. A palaeobiogeographic model for biotic diversification within Amazonia over the past three million years. Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences 279: 681-689
  8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trompetfuglar