Tropisk regnskog er eitt ev dei store terrestriske økosystema (bioma) på landjorda. Han er det eldste og mest artsrike biomet på jorda. Artane i regnskogen er dårleg utforska, men overslag seier at regnskogen huser over halvparten av jordas arter.

Regnskogen Daintree i Australia.
Foto: Adz

Utbreiing endre

 
Utbreiinga av tropisk regnskog, med subtropisk regnskog markert i lysare grønfarge.

Den tropiske regnskogen finst mellom ekvator og vendekrinsane, og er særleg utbreidd i Sør-Amerika; noko mindre i Afrika, Søraust-Asia og Australia. Dei landa som har mest tropisk regnskog er Brasil, Kongo, Indonesia, Malaysia og Peru.

Kjenneteikn endre

Regnskogen ligg i område med mykje nedbør heile året, vanlegvis mellom 2,5 og 4 m i året. Temperaturen varierer heller ikkje mykje, og ligg vanlegvis på 20-30 gradar uavhengig av årstid.

Vegetasjonen i regnskogen er frodig og kan delast inn i mange sjikt. Øvst finn me toppsjiktet, som består av nokre få ekstra høge tre som veks opp frå kronesjiktet. Dette er eit tett lag lauv som veks i ei høgd på 20-30 meter. Lenger ned dannar mindre tre og buskar underskogsjiktet ("underetasjen"), før me finn den etter måten skrinne skogbotnen, som på grunn av det tette lauvtaket er mørk med lite vegetasjon. I område med lys veks det fort til eit ugjennomtrengeleg og tett villniss, før trea tek over og forvandlar det attende til skogbotn att.

Plantelivet i den tropiske regnskogen endre

 
Regnskog ved Kenyafjellet.
Foto: Chris 73

Ein reknar med at om lag 40 % av alle planteartar på jorda veks i dei tropiske regnskogane.

Trea her er kjernen i plantelivet, og har vanlegvis tynn bork og fargerike blomar som veks rett frå stomnen. Bladstorleiken varierer med høgda på treet, dei største blada finn me lengst nede.

På bakken er vegetasjonen heller sparsam. Klatreplantar som lianar er mellom dei vanlegaste; desse klatrar på trestomnar for å koma seg opp til lyset. Her finn ein òg saprofyttar, plantar som veks i rotnande lauv og tek næringa si frå dei.

Mange av regnskogsplantane veks i sjølve trea. Ein skil mellom epifyttar og snyltevekstar, dei førstnemnde får all næringa si frå nedbør og luft og stel ikkje frå vertstreet.

I pelsen på nokre dyr veks det òg epizooiske plantar, spesielt algar.

Trugsmål endre

 
Avskoging i det bolivianske Amazonas.

Regnskogane dekte opphavleg eit areal på 16 mill. km2, men har i dei siste tiåra vore i rask tilbakegang grunna hogst og oppdyrking, og er i dag redusert til under det halve av det opphavlege arealet.

Det er brei semje om at hogsten for det meste er uforsvarleg og, i tilfella der det vert hogd eller svidd av for å skaffa jordbruksland, ineffektiv. Jordsmonnet i regnskogsområde egnar seg nemleg ikkje for stort anna enn regnskog. Ved snauhogst og omdanning til jordbruksland blir området utsett for utvasking av næringsstoff, og kan på kort tid gå frå eit høgproduktivt, grøderikt område til skrinn steppe.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tropisk regnskog