Trotskisme er ei retning innan kommunismen. Dei som kallar seg trotskistar ser på Lev Trotskij som ein stor ideolog. Trotskismen som omgrep oppstod i samband med Trotskij sin kritikk av Stalin sitt styre i Sovjetunionen, og vart først teke i bruk av Trotskij sine motstandarar i interne partikampar i bolsjevikpartiet i andre halvdel av 1920-åra. Trotskisme var òg ei av dei vanlegaste skuldingane mot dei tiltalte under Moskvaprosessane i siste halvdel av 1930-åra.

Lev Trotskij

Etter at Trotskij vart utvist frå Sovjetunionen i 1929 byrja trotskismen å ta form som ei eiga retning og ein ideologi som skilde seg frå den offisielle sovjetiske marxismen-leninismen. Trotskistane meinte det var dei som representerte den ekte marxismen-leninismen. Det som kjenneteikna dei trotskistiske rørslene var opphavleg analysen av Sovjetunionen som ein degenerert arbeidarstat, Trotskij sin teori om permanent revolusjon og motstanden mot nasjonalisme i sosialistiske parti og kommuniststyrte statar. Opprettinga av Den fjerde internasjonalen i 1938 var eit forsøk på å samla og styrkja desse partia.

Sri Lanka og i Sør-Amerika har trotskistiske parti fått ein viss storleik og tyngd, og i Brasil er det trotskistiske Democracia Socialista med i regjeringspartiet PT. I Europa er Frankrike det landet der trotskistiske parti har fått størst oppslutnad ved val, med partiet Ligue Communiste Revolutionnaire. Den største trotskistgruppa i Noreg er Internasjonale Sosialister, som i 2008 vedtok å gå inn i Raudt. IS er systerpartiet til det britiske Socialist Workers Party. Dette partiet meiner mellom anna at Sovjetunionen etter at Stalin tok makta - og andre kommuniststyrte land som kom til - vart «statskapitalistiske», og ikkje (lenger) «degenererte arbeidarstatar».

Ingen trotskistiske parti har vore statsberande eller stått i spissen for ein revolusjon.

Alle trotskistar ser som Trotskij positivt på bolsjevikane sin revolusjon i Russland i 1917, men svært negativt på utviklinga i Sovjetunionen frå midten på 1920-talet, då Josef Stalin samla stadig meir makt i sine hender. Det same gjeld dei fleste andre land der kommunistparti har eller har hatt makta. Etter at Trotskij døydde har trotskismen utvikla seg i ulike retningar, med til dels motstridande synspunkt i sentrale spørsmål. Felles for alle trotskistiske organisasjonar er at dei har opphav i Den fjerde internasjonale. Det er òg skilnader mellom ulike trotskistiske grupper i synet på korleis eit revolusjonært parti bør vera organisert og i synet på samarbeid med andre parti og grupperingar. Dei fleste viktige trotskistiske grupperingar er no opne for samarbeid med andre.

Sjå òg endre

Kjelder endre