Troy er eit britisk masseeiningssystem for mynt og edelmetall. Det har symbolet tr. Det vart innført i 1527 med pound troy (lb tr) som normaleining for masse, og vart i 1878 erstatta av pound averdupois (lb, tidl. lb av) som normaleining, men vart enno brukt fram til 1991.

Frå 1963 var ounce troy (oz tr) (480 gr eller 31,1035 gram) og pennyweight (dwt) (24 gr = 1,55517 g) dei einaste einingane i troy-systemet som var tillate brukt.

Kjelder endre

  • Troy. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/troy.