Trupejevo Poldne (tysk Techantinger Mittagskogel) er eit fjell vest i Karavankane på grensa mellom Slovenia og Austerrike. Frå den slovenske sida har det tilkomst frå busetnaden Gozd Martuljek via Srednji vrh. Frå den austerrikske sida går det veg frå landsbyen Tetchanting, sør for Villach, som har gjeve fjellet det tyske namnet, til ei seter. Det slovenske namnet kjem frå garden Trupej (tysk Truppe) nord for fjelltoppen, på den austerrikske sida. Fjellet vert mykje nytta av fotturistar og det er mogeleg å stå på ski her om vinteren og våren.[1]

Trupejevo Poldne
fjell
Land  Slovenia,  Austerrike
Fjellkjede Karavankane
Høgd 1 790 moh.
Koordinatar 46°30′48″N 13°51′16″E / 46.51333°N 13.85444°E / 46.51333; 13.85444
Kart
Trupejevo Poldne
46°30′55″N 13°51′38″E / 46.515337°N 13.860536°E / 46.515337; 13.860536

Om sommaren er det flott utsyn over den Øvre Savadalen mot Špik i Dei juliske Alpane på den slovenske sida, og inn i Kärnten på den austerrikske sida. Nabofjella i Karavankane er Maloško Poldne/Mallestiger Mittagskogel (1828 moh) og Kepa/Mittagskogel (2143 moh) i aust og Mojstrovica (1816 moh) og Visoki Kurji vrh (1828 moh) i søraust.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre