Trygve Leivestad (29. januar 190714. desember 1994) var ein norsk høgsterettsdommar fødd i Tromsø. Han var elles lagmann 1947-58 i Hålogaland og sidan høgsterettsdommar fram til 1977. Leivestad var styreformann i Norsk Rikskringkasting i tida 1968-71.

Trygve Leivestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1907
Tromsø kommune
Død

14. desember 1994 (87 år)

Yrke dommar

Leivestad var son til ein lagdommar. Sjølv tok han artium i Trondheim i 1925. Deretter var han eitt år sjømann, før han byrja studere jus. Han vart i 1931 cand.jur. og var så assistent i Riksarkivet. Som nyutdanna jurist fekk han stipend til fleire studiereiser, og var både i England, Frankrike og Tyskland.

Frå 1934 var Leivestad dommarfullmektig i Vadsø, deretter sekretær i Justisdepartementet frå 1937 og universitetsstipendiat i rettsvitskap frå 1939. I 1942, midt under andre verdskrigen, vart han byråsjef i Justisdepartementet. Fredsåret 1945 vart Leivestad utnemnd til ekspedisjonssjef i Oppgjersavdelinga i same departementet. Han var medlem i Krigsskadekommisjonen av 1945 og i styret for Krigsskadetrygda for bygningar og lausøyre i tida 1945-51. På same tid var han formann i dissentarlovkomiteen og medlem av straffeprosesslovkomiteen.

År 1947 vart Leivestad utnemnd til lagmann i Hålogaland, og busette seg etter kvart Tromsøysund kommune. Her representerte han Kristeleg Folkeparti i Tromsøysund heradsstyre, og han var medlem i barnevernsnemnda og soknerådet. Både i 1953 og 1957 var han Troms Kristeleg Folkeparti sin fyrstekandidat ved stortingsvalet, utan å verte vald til stortingsrepresentant.

I 1958 fekk Leivestad sete i den norske Høgsteretten, og var dommar til han gjekk av for aldersgrensa i 1977.

Ved sida av dommargjeringa vart Leivestad i 1963 vald til formann i Norges Vernesamband og Den norske Kriminalistforening, og året etter tok han over formannsvervet i Norges Krigsskaderåd. Frå 1963 til 1971 var han medlem av NRK-styret, formann dei tre siste åra. I denne perioden engasjerte han seg også for Europabevegelsen.

Kjelder endre