Tryllestav er ein stav brukt i samband med magi og ritual i folkelege førestillingar, tradisjonar og litteratur. Tryllestavar kan mellom anna brukast av feer, hekser, trollmenn og tryllekunstnarar som underheld.

Rituelle tryllestavar av horn.
Tryllekunstnar med tryllestav.
Fe med tryllestav.

Stavane kan vera av tre, metall, stein eller bein. Den typiske tryllestaven i moderne tid er ein rett, nokså kort og tynn stav som er svart med lys tupp, men det finst også større stokkar og stavar i andre fargar.

Tryllestavar i kulturen endre

Harry Potter-serien endre

I bok- og filmserien Harry Potter av J.K. Rowling er tryllestavar sentrale. Tryllestavar blir brukte til å leia magiske krefter, og er viktige for å utføra kontrollert magi. Stavane er laga av særskilde treslag som eik, hyll eller barlind og har eit magisk materiale i midten, som einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.