Trysilfjellet (1132 moh.) er eit fjell vest for Innbygda i Trysil kommune i Innlandet.

Trysilfjellet
fjell
Land  Noreg
Område Trysil (Innlandet)
Høgd 1 132 moh.
Koordinatar 61°18′29″N 012°10′22″E / 61.30806°N 12.17278°E / 61.30806; 12.17278
Kart
Trysilfjellet
61°18′29″N 12°10′22″E / 61.30796°N 12.17273°E / 61.30796; 12.17273

Her ligg det største skianlegget i Noreg med 31 skiheisar og 65 nedfarter på til saman 70 km. På 1100 moh. ligg den høgaste løypedel til anlegget, som har ei største fallhøgd på 685 meter.[1]

Trysilfjellet er delt inn i 2 område, Trysil Turistsenter og Trysil Høyfjellssenter. Trysil Turistsenter ligg berre 2 km frå Trysil sentrum, og frå her kan ein ta stolheisar opp til skianlegget. Trysil Høyfjellssenter på Fagertoppen, ligg i skiområdet Fageråsen oppe på høgfjellet, 10 km frå Trysil sentrum.

Trysilfjellet ligg 210 km eller om lag 2,5 timers bilkøyring frå Oslo.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. oktober 2007, henta 25. april 2008 

Bakgrunnsstoff endre