Tsemesbukta, òg kalla Tsemessbukta og Novorossijskbukta, (russisk: Цемесская бухта, Tsemesskaja bukhta) er ei isfri bukt på nordkysten av Svartehavet i Krasnodar kraj i Russland. Ho har fått namn etter elva Tsemes som munnar ut i bukta. Vassdjupet i bukta varierer frå 21 til 27 meter og ho har ei lengd på 15 km. På det breiaste er ho 9 km. Ho grensar til Sudzjukneset og Kapp Doob.

Panorama over Tsemesbukta.

Sjølv om skipsfarten i bukta slit med den kraftige boravinden om hausten og vinteren vart bukta ofte vitja av greske sjømenn som oppretta kolonien Bata ved kysten. Dette har vorte forklart ved at det ikkje er andre gode hamner langs kysten før Batumi.[1] I mellomalderen vart kysten kontrollert av handelsfamilien Ghisolfi frå Genova.

Novorossijsk, som vart grunnlagd av russarane som eit militæranlegg, er den største hamnebyen ved bukta. Fleire skip frå Svartehavsflåten vart bora i senk i bukta for å hindre at tyskarane tok dei i 1918. Fleire andre kjende skip har gått ned i bukta, inkludert SS «Admiral Nakhimov» i 1986. Etter at Det kaspiske røyrleidningskonsortiumet vart oppretta har hamna i Novorossijsk vorte den travlaste oljeterminalen i Svartehavet. Den sørlege delen av bukta ,ed dem vesle feriebyen Kabardinka er styrt frå Gelendzjik.

Kjelder endre

  1. Rostovtzeff, Michael Ivanovich. Iranians og Greeks in South Russland. The Clarendon Press, 1922. s 63.