Olesjky

(Omdirigert frå Tsiurupynsk)

Olesjky (ukrainsk skrift Олешки) er ein by i Kherson oblast (provins) i Ukraina. Han er ein av dei eldste byane i oblastet og ein av dei eldste i det sørlege Ukraina. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2011).

Olesjky
Цюрупинськ
by
Land  Ukraina
Oblast Kherson oblast
Koordinatar 46°38′0″N 32°35′0″E / 46.63333°N 32.58333°E / 46.63333; 32.58333
Areal 15,7 km²
Folketal 25 217  (2011[1])
Folketettleik 1 606 / km²
Grunnlagd 1084 som Olesjky
 - bystatus 1802
Postnummer 75100
Retningsnummer +380 5542
Kart
Tsiurupynsk
46°37′31″N 32°43′31″E / 46.625361111111°N 32.72525°E / 46.625361111111; 32.72525
Wikimedia Commons: Oleshky
Nettstad: http://www.oleshki.org.ua/

Byen vart kalla Olesjky fram til 1928 og igjen frå 2016. Under sovjettida vart han kalla Tsiurupynsk (ukrainsk Цюру́пинськ, russisk Цюру́пинск) etter Aleksander Tsiurupa, ein tidlegare sovjetisk handelsminister og sjef for Gosplan. Tsiurupa vart fødd i byen, som vart kalla opp etter han då han døydde i 1928. 19. mai 2016 vart namnet endra tilbake til Olesjky etter at det vart innført forbod mot namn av kommunistisk opphav i Ukraina.[2]

Elva Konka renn gjennom byen og munnar ut i Dnepr. Byen ligg på venstrebreidda av Dnepr og i nærleiken ligg Olesjkyjsanden.

Kjelder endre

Fotnotar