Tsjikoj (russisk Чикой) er ei elv i Russland og ei av sideelvane til Selenga frå høgre. Ho er 769 km lang med eit nedslagsfelt på 46 200 km² og ei middelvassføring på 263 m³/s.

Tsjikoj
elv
Land  Russland,  Mongolia
Nedslagsfelt 46 200 km²
Lengd 769 km
Middelvassføring 263 /s
Munning Selenga
Kart
Tsjikoj
50°01′40″N 107°08′47″E / 50.027777777778°N 107.14638888889°E / 50.027777777778; 107.14638888889
Wikimedia Commons: Chikoy River

Elva spring ut frå fjellet Tsjikonskogo og renn langs sørsida av Malkhanskogoryggen på grensa mellom Zabajkalskij kraj og Burjatia og delvis langs grensa til Mongolia.

Elva frys vanlegvis til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til april eller tidleg i mai. Tsjikoj er framkommeleg for skipsfart 152 km opp frå munningen. Ein del av vatnet vert nytta til vatning.

Den største sideelva hennar er Menza.

Kjelder endre