Tsjukotka (russisk Чукотский автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Anadyr, arealet er 737 700 km² og innbyggjartalet er 50 500 (2010).

Tsjukotskij avtonomnyj okrug
   

Tsjukotka sitt flagg
Tsjukotka sitt flagg
Tsjukotka sitt våpen
Tsjukotka sitt flagg Tsjukotka sitt våpen
Tsjukotka på kartet over Russland
Hovudstad Anadyr
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 7.

737 700 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 84.

ca. 50 500[1] (2010)
ca. 0,07/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 87
Offisielt språk Russisk
Guvernør Roman Valentinovitsj Kopin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1200

Tsjukotka ligg heilt aust i Russland og omfattar det austlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. I aust er det berre skilt med nokre frå kilometer frå Alaska i USA. Landskapet er stort sett fjell og fjellvidder, med litt lågland rundt elva Anadyr. Høgste punktet er 1 843 meter over havet. Her finst førekomstar av tinn, kvikksølv, kol, gass og gull. Klimaet er arktisk - middeltemperaturen i januar er -29 grader celsius og i juli + 9 grader celsius. Havet rundt Tsjukotka er store delar av året frose.

Dei fremste næringsvegane er gruvedrift og reindrift.

Folkesetnad endre

Den etniske samansetjinga ved folketeljinga i 2010 var:[1]

Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet i Tsjukotka gått kraftig ned. I 2010 var det under ein tredel av kva det var ved folketeljinga i 1989, då det budde 164 783 menneske her. Dette har i stor grad hendt fordi etniske russarar og andre folkegrupper frå andre delar av Russland har forlate regionen; i 1989 var 66,1 % av folket etniske russarar, medan dei i 2010 var under 50 %. Urfolket utgjer dermed ein stadig større del av folket - i 1989 utgjorde tsjuktsjarane berre 7,3 % av folket, mot 25,3 % i 2010.

Historie endre

Tsjuktsjarar, inuitar og andre urfolk har budd i dette området sidan før-historisk tid. Dei første russiske oppdagarane kom til området på 1600-talet. Den første permanente russiske busetjinga oppstod ved elva Anadyr. På midten av 1800-talet kom amerikanarar til området og starta opp industriverksemd. Dei lokale folkeslaga levde endå som stammefolk på starten av 1900-talet.

Etter den russiske revolusjonen kom Tsjukotka under kontroll av dei kontrarevolusjonære (kvitegardistane). I juli 1920 vann styrkar frå Den raude arméen eit slag her, men i 1921 kom nye kvitegardistar frå Vladivostok og gjenoppretta kontroll. Først i 1923 fekk bolsjevikane endeleg kontroll over området - det var såleis eit av dei siste områda i Russland som kom under kommunistisk kontroll. Den 10. desember 1930 vart det autonome området oppretta.

Før 1991 var Tsjukotka eit autonomt område underlagt Magadan oblast. Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Tsjukotka eit føderasjonssubjekt direkte under den russiske føderasjonen.

I 2000 vart forretningsmannen og milliardæren Roman Abramovitsj vald til guvernør i Tsjukotka. Han kom ikkje frå området, budde der ikkje og vitja det sjeldan, men pløgde store summar inn i området og starta også leiteboring etter petroleum der. 21. oktober 2005 vart han utpeika av president Vladimir Putin som guvernør for ein ny femårsperiode. I 2008 gjekk han av som guvernør og vart erstatta av Roman Kopin.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tsjukotka