Tsvetana Krăsteva

Tsvetana Krăsteva er ein tidlegare skiskyttar frå Bulgaria.

Tsvetana Krăsteva
Verkeleg namn bulgarsk skrift Цветана Кръстева
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 20. hundreåret
Yrke skiskyttar

Krăsteva var i siste delen av 1980-åra ein av dei beste kvinnelege skiskyttarane i verda. Ho deltok verdsmeisterskap frå 1986 og gjorde sine beste prestasjonar i 1989. Under VM i skiskyting 1989 i austerrikske Feistritz vann ho sølvmedaljen i 5 km sprint bakom norske Anne Elvebakk, og tok sølvmedaljen i stafetten saman med Marija Manolova og Nadezjda Aleksijeva. I den nye øvinga, lagtevlinga, enda ho og lagvenninnene Aleksijeva, Manolova og Iva Sjkodreva på fjerdeplassen.

Også i VM i skiskyting 1990 hamna Krăsteva på fjerdeplassar, fyrst i sprinten og så i stafetten. Derimot lukkast ho og dei same tre lagvenninnene å kapre bronsemedaljen i lagtevlinga, bakom Sovjetunionen og Vest-Tyskland. Ho la deretter opp.

Kjelder endre