Tuft kyrkje er ei langkyrkje like utanfor Hvittingfoss i Kongsberg kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart teikna av Torkil Johansen Aschehoug (takkonstruksjon av Abraham Foss). Dette vart så korrigert av Jacob Wilhelm Nordan før byggmeister Christian Hansen utarbeidde dei endelege teikningane. Tuft kyrkje avløyste ei stavkyrkje frå 1200-talet. Vestportalen og delar av sørportalen frå stavkyrkja er i Oldsaksamlinga, der ein òg finn ein modell av stavkyrkja.

Tuft kyrkje
Tuft kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Kongsberg
Sokn Tuft
Fellesråd Kongsberg
Type Langkyrkje
Periode Nygotikk
Arkitekt Torkil Johansen Aschehoug / byggm. Christian Hansen
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 20. september 1880
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1905
Kyrkjegard Ved kyrkja
Orgel Bruno Christensen, 2002
Sitjeplassar 150
Kart
Tuft kyrkje
59°29′30″N 10°00′41″E / 59.49166667°N 10.01138889°E / 59.49166667; 10.01138889
Wikimedia Commons: Tuft kirke

Litteratur endre

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 527. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre