Tungtvatn

kjemisk sambinding

Tungtvatn eller tungvatn er vatn der dei to hydrogenatoma (H) i molekylet er tungt hydrogen , såkalla deuterium (D). Tungtvatn blir òg kalla deuteriumoksid .

Eigenskapar    Tungtvatn Naturleg vatn
Molekylvekt (u) 20,02760 18,01528
Tettleik (g/cm³) ved 25 °C 1,10452 0,99701
Høgste tettleik (g/cm³) 1,10602 1,00000
Temperatur (°C) ved høgste tettleik 11,23 3,98
Frysepunkt (°C) 3,81 0,00
Kokepunkt (°C) 101,42 100,00

Eigenskapar endre

Tungtvatn har liknande kjemiske eigenskapar som naturleg vatn, men er noko mindre reaktivt. Tabellen til høgre samanliknar nokre eigenskapar for tungtvatn og naturleg vatn.

Tungtvatn er ikkje giftig i små mengder, men ved inntak av større mengder kan stoffskiftet sakka ned av di vatn inngår i dei fleste biokjemiske reaksjonar, og tungtvatn altså er mindre reaktivt.

Førekomst og framstilling endre

Om lag 1/6000 av molekyla i naturleg vatn er tungtvatn, og tungtvatn kan framstillast ved destillasjon eller elektrolyse av naturleg vatn. For framstilling av tungtvatn i industriell skala er det mest økonomisk å kombinera desse metodane med andre kjemiske prosessar som t.d. ammoniakk/hydrogenutbyting eller hydrogensulfid/vassutbyting.

Bruk endre

Tungtvatn blir brukt som kjølevatn i atomreaktorar fordi det inneheld fleire nøytron enn naturleg vatn og bremsar ned nøytron frå kjernereaksjonane i brennstoffet utan å absorbera dei, slik at desse nøytrona lettare kan delta i nye kjernereaksjonar.

Tungtvatn har null magnetisk moment sjølv om det blir plassert i eit sterkt magnetfelt og forstyrrar ikkje analyse av nukleærmagnetresonans (NMR) i kjemiske stoff, og kan difor brukast som løysemiddel under slik analyse.

Sjå òg endre