Tunnel

veg under bakken

Ein tunnel, eller tunell,[1] er ein utsprengd, utbora eller utgrava undergrunnspassasje gjennom jord eller fjell for jarnbane, veg, vatn osb. Tunnelar vert til dømes bygde i kuperte og vanskeleg tilgjengelege område for å få fram jarnbane eller vegar, vatn til kraftstasjonar, få unna avløpsvatn frå byar og mykje meir.

Lærdalstunnelen
Den undersjøiske Vardøtunnelen mellom Vardø og fastlandet.

Kva som ligg i omgrepet tunnel er ikkje heilt klart, og varierer frå definisjon til definisjon. Dersom det vert grave ned frå jordoverflata for å bygge passasjen til ei vassførande grøft eller for å lukke ein bekk eller ei elv, vert det helst tala om ein kulvert.

Vegtunnelar endre

Vegtunnelar er tunnelar som er bygd for å lette framkomsta for bilar og andre køyretøy, eller for å få trafikken vekk frå tettbygd område for å redusere støy og forureining, og for spare grunn som kan nyttast betre til anna føremål. Noreg er eit av dei landa som har flest vegtunnelar, med over 900 tunnelar som til saman strekkjer seg over 750 km.[2] Dette kjem både av at Noreg er eit land med mykje fjell, og av at det har vore føremålsteneleg å krysse mange av fjordane og sunda med undersjøiske tunnelar i staden for bruer.

Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane er med sine 24 509 meter, verdas lengste vegtunnel.

Kjelder endre

  1. «tunell» i Nynorskordboka.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. september 2005, henta 12. september 2006 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.