Tura (russisk Тура́), òg kalla Dolgaja, er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 1030 km lang og har eit nedslagsfelt på 80 400 km².

Tura
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 80 400 km²
Lengd 1 030 km
Munning Tobol
Kart
Turaelva
57°47′51″N 67°15′23″E / 57.7975°N 67.256388888889°E / 57.7975; 67.256388888889
Wikimedia Commons: Tura River

Tura er farbar for båtar 753 km oppover frå munningen. Ho frys til i slutten av oktober, og er islagd til april/mai.

Dei største sideelvane hennar er Salda, Tagil, Nitsa og Pysjma.

Byer som ligg ved Tura er Verkhnjaja Tura, Nizjnjaja Tura, Verkhoturje, Turinsk og Tjumen.

Kjelder endre