Turaif (arabisk طريف) er ein by i Den nordlege grenseprovinsen (òg kjend som Al-Hudud ash Shamaliyah) i Saudi-Arabia, nær grensa til Jordan. Turaif ligg i ein sving langs Hovudveg 85, der denne svingar vestover mot Jordan. Turaif er ein av byane i regionen som har oppstått på grunn av den internasjonale oljerøyrleidninga som går gjennom området.

Turaif
طريف
by
Land  Saudi-Arabia
Region Den nordlege grenseregionen
Koordinatar 31°40′39″N 038°39′11″E / 31.67750°N 38.65306°E / 31.67750; 38.65306
Folketal 48 929  (2010)
Kart
Turaif
31°40′39″N 38°39′11″E / 31.6775°N 38.653055555556°E / 31.6775; 38.653055555556

Turaif lufthamn ligg kring 5 km frå byen og har daglege ruter til Riyadh.

Klima endre

Turaif har eit tørt klima med heite somrar og kjølige vintrar. Det er ikkje uvanleg med frost om vinteren, og det kan falle snø. Turaif innehar kulderekorden for Saudi-Arabia (og ein av dei lågaste målingane i Midtausten), med -12 °C. Dette slår Amman sin rekord på -10 °C, og er berre tre grader bak rekorden til Teheran på -15 °C.

Vêrdata for Turayf i Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25 28 33 42 44 44,5 45 45 45 39 32 26 45
Gjennomsnittleg maks °C 13 16 20 26 31 35 37 38 35 28 20 15 26
Gjennomsnittleg min °C 1 3 6 11 15 19 20 21 18 13 7 3 11
Lågast målte °C −12 −9 −7 −4 0 8 12 15 9 −1 −8 −10 −12
Gjennomsnittleg nedbør mm 7,8 9,1 5,4 10,6 5,5 0 0 0 0,4 0,9 12,6 14,3 66,6
Kjelde: Weather Reports

Kjelder endre