Turn You to Love

album av Terry Callier
Turn You to Love
Studioalbum av Terry Callier
Utgjeve 1979
Sjanger Popsoul
Lengd 38:15
Selskap Elektra
Produsent Sonny Burke
Terry Callier-kronologi 
Fire on Ice
(1978)
Turn You to Love Timepeace
(1998)


Turn You to Love er det sjette studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i 1979. Det var det andre albumet hans for Elektra Records. Albumet har glatte arrangement, jazzaktige songar og funky rytmar og kom ut på høgda av discotida.[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Sonny Burke var produsent, arrangør og dirigent på albumet. Callier spelte det meste av gitaren sjølv, me fekk hjelp frå Larry Wade, som han òg før hadde skrive mykje songar med, og Tommy Tedesco. Med på albumet var òg Motown-musikaren Randy Dunlap og ei blåserekkje med Ernie Watts og Fred Wesley. Songane varierer frå gospelfunk til rolege balladar.[1] Eit par av songane, «Ordinary Joe» og «Occasional Rain», var nyinnspelingar av to songar han hadde gjeve ut på albumet Occasional Rain i 1972. Her er òg eit par coverlåtar, Smokey Robinson sin «Still Water (Love)» og Steely Dan sin «Do It Again».

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sign of the Times»Larry Wade, Terry Callier8:25
2.«Pyramids of Love»Larry Wade3:42
3.«Turn You to Love»Larry Wade, Terry Callier3:46
4.«Do It Again»Donald Fagen, Walter Becker4:52
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Ordinary Joe»Terry Callier4:54
6.«Occasional Rain»Terry Callier3:49
7.«Still Water (Love)»Frank Wilson, Smokey Robinson3:48
8.«You and Me (Will Always Be In Love)»Larry Wade, Sonny Burke, Terry Callier4:21
9.«A Mother's Love»Larry Wade, Terry Callier3:44

Medverkande endre

Teknisk
  • Leiande produsent: Dr. Don Mizell
  • Produsent og arrangør: Sonny Burke
  • Støttande produsent: Larry Wade
  • Lydteknikarar: Jimmy Schifflett, Laura Livingston, Roger Dollarhide, Sye Mitchell

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jurek, Thom. Turn You to LoveAllmusic