Turners syndrom, òg kalla Monosomi X, er eit kromosom-avvik som berre råkar kvinner. Syndromet blei skildra av Henry Turner i 1938.

Turners syndrom

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD014424

Kvinner med dette avviket har berre eitt fungerande kjønnskromosom X, i staden for to. Dette kan vera tilfelle i alle cellene i kroppen eller berre nokre. I det siste tilfellet blir det kalla for ein mosaikk-tilstand.

Kvinner med Turnes syndrom er som regel under 150 cm høge, og nokon har ikkje menstruasjon eller sekundære kjønnsatributtar som bryst og er ufruktbare. Tilførsel av kjønnshormon kan gje sekundære kjønnsatributtar, men vil ikkje endra lengdeveksten. Ved mosaikk-tilstandar kan dei bli høgare ved tilførsel av veksthormonar, og dei kan i nokre tilfelle bli gravide ved eggdonasjon.

Syndromet i seg sjølv verkar ikkje inn på intelekt eller livslengd, men kvinner med Turners syndrom har oftare medfødde hjartefeil og andre tilstandar.

Kjelder endre

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.