Tveita på Fitjar

Tveita er ein gard i Fitjar kommune som ligg på austsida av Storavatnet, på ei smal stripe mellom vatnet i vest og Tveitafjellet i aust. I sør ligg garden Årbø og i nord ligg garden Vik

Tveita
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 58

Historie endre

Garden er truleg opprydda frå Vik og er ikkje særs gammal, men truleg eldre enn Årbø. Namnet kjem av tveit, som tyder eit bøstykke som ligg noko for seg sjølv.

Kjelder endre