For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tvilling (fleirtyding).

Tvillingar er to søsken som har blitt til av same svangerskap og har vore saman i livmora. Tvillingar kan oppstå ved at to eggceller blir befrukta i same syklus (toegga tvillingar), eller av at eitt befrukta egg deler seg til to foster (einegga tvillingar). Einegga tvillingar har likt arvemateriale - dei er svært like kvarandre og har alltid same kjønn. Toegga tvillingar er like ulike kvarandre som vanlege søsken, men har same alder.[1]

Toegga tvillingar er ikkje likare kvarandre enn vanlege søsken, men blir fødd nokolunde samstundes.

Einegga og toegga tvillingar endre

 
Skjematisk framstilling av einegga tvillingutvikling. Jo seinare embryoet deler seg, jo meir har tvillingane felles i livmora.
 
Dei einegga tvillingane Kyle og Lane Carlson (Carlson Twins).

Einegga tvillingar oppstår når eit befrukta egg deler seg i to, og blir til to individ. Eit befrukta egg har berre eit genmateriale, slik at einegga tvillingar vil vere genetisk like. Dei kan ha felles morkake og fostersekk, eller ha kvar sin, alt etter når i svangerskapet delinga i to individ fann stad. Er delinga særs sein, kan tvillingane vere samangrodde i kvar andre i større eller mindre mon, såkalla siamesiske tvillingar. Siamesiske tvillingar er difor alltid likekjønna. Om dei kans kiljast frå kvarnadre ved operasjon, er avhenging av om dei har livsviktige organ saman, eller ikkje.

Toegga tvillingar er resultatet av at to egg blir befrukta. Dei har kvar sin fostersekk og kvar si morkake, og er ikkje meir genetisk like enn vanlege sysken.

Frekvens endre

I Noreg omfattar rundt 1 % av alle svangerskap tvillingar. Noko under halvparten av desse er einegga. Talet på eingegga tvillingar er likt hjå alle folkeslag, medan talet på toegga tvillingar kan variera. Sidan toegga tvillingar oppstår ved eggløysing av meir enn eitt egg i ein menstruasjonssyklus, kan sjansen for å få toegga tvillingar vera større for enkeltindivid som har arva større sannynlegheit for dette, og for eldre kvinner.[1]

Tvillingsvangerskap er også vanlegare ved kunstig befrukting der ein set inn meir enn eitt befrukta egg i livmora. Frekvensen av tvillingsvangerskap har dermed auka i takt med bruk av kunstig befrukting.[1]

Ulike dyrartar har ulik frekvens av fleirfødslar. Somme artar får sterilt avkom dersom tvillingane er ulikt kjønna. Dette gjeld mellom anna ku. For dei fleste artar er dette ikkje eit problem.

Teikn på fleirbarnsgraviditet endre

  • Rask vektauke under første trimester.
  • Livmora er større enn venta.
  • Sterk svangerskapsrelatert kvalme og oppkast.
  • Meir fosterrørsle enn det den gravide har oppplevde ved tidlegare svangerskap.
  • Unormale resultat ved blodprøvar under første trimester.
  • Fleire foster er synlege ved ultralydsundersøking.

Komplikasjonar ved fleirbarnsgraviditetar endre

Fleirbarnsgraviditar har auka risiko for:

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Multippelt svangerskap». Store medisinske leksikon. 24. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre