Tvillingane (frå latin Gemini) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Tvillingane var eit av dei 48 stjernebileta skildra av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Tvillingane
Tvillingane
Tvillingane
Latinsk namn Gemini
Forkorting Gem
Genitivsform Geminorum
Symbologi Tvillingane Kastor og Pollux, men au andre tvillingar i tidlegare kulturar
Rektasensjon 7 h
Deklinasjon 20°
Areal 514 kvadratgrader
nr. 30 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
4
Sterkaste stjerne Pollux (β Gem) (1,1. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −60°
Tvillingane slik det er for det nakne auga.

Tvillingane ligg mellom Tyren i vest og Krepsen i aust, med Kusken og Gaupa i nord og Einhyrningen og Den vesle hunden i sør.

Kjende objekt endre

Stjerner endre

Stjernebiletet består av 85 stjerner ein kan sjå utan teleskop.[1][2]

Den mest lyssterke stjerna i Tvillingane er Pollux, og den nest mest lyssterke er Castor.

α Gem (Castor): er eit seksdobbelt stjernesystem som ligg 52 lysår frå jorda med ein storleiksklasse 1,6. Ho er ei blåkvit stjerne for det nakne auga. Ho består av to spektroskopiske dobbeltstjerner som er synlege ved storleiksklassar 1,9 og 3,0 med ein periode på 470 år. Ei vid raud dvergstjerne er òg ein del av systemet. Denne stjerna er ei Algol-type formørkande dobbeltstjerne med ein periode på 19,5 timar. Den minste storleiksklassen er 9,8 og den største 9,3.

β Gem (Pollux): er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 1,2, 34 lysår frå jorda. Pollux har ein eksoplanet i bane. Det same har to andre stjerner i Tvillingane, HD 50554 og HD 59686.

γ Gem (Alhena): er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 1,9, 105 lysår frå jorda.

δ Gem (Wasat): er ei langperiodisk dobbeltstjerne 59 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei kvit stjerne med storleiksklasse 3,5, og den sekundære er ei oransje dvergstjerne med storleiksklasse 8,2. Perioden er over 1000 år og er mogeleg å skilje i mellomstore amatørteleskop.

ε Gem (Mebsuta): er ei dobbeltstjerne, der primærstjerna er ei gul superkjempe med storleiksklasse 3,1, 900 lysår frå jorda. Den optiske følgjestjerna har storleiksklasse 9,2, og er synleg i kikkert og små teleskop.[3]

ζ Gem (Mekbuda): er ei dobbeltstjerne, der primærstjerna er ei kefeidestjerne med ein periode på 10,2 dagar. Den minste storleiksklassen hennar er 4,2 og den største er 3,6. Ho er ei gul superkjempe, 1200 lysår frå jorda, med ein radius som er 60 gonger så stor som sola. Følgjestjerna har storleiksklasse 7,6 og det er mogeleg å skilje dei i kikkert og små amatørteleskop.

η Gem: er ei dobbeltstjerne med ein variabel komponent. Ho er 350 lysår unna med ein periode på 500 år. Primærstjerna er ei halvregulær raud kjempe med ein periode på 233 dagar. Den minste storleiksklassen er 3,9 og den største 3,1. Sekundærstjerna har storleiksklasse 6.[3]

κ Gem: er ei dobbeltstjerne 143 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei gul kjempe med storleiksklasse 3,6 og den sekundære har storleiksklasse 8.

ν Gem: er ei dobbeltstjerne. Primærstjerna er ei blå kjempe med storleiksklasse 4,1, 500 lysår frå jorda, og den sekundære har storleiksklasse 8.

38 Gem: er ei dobbeltstjerne som ligg 91 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei kvit stjerne med storleiksklasse 4,8 og den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 7,8.[3]

U Gem: er ein dvergnova og kataklysmisk variabel som vart oppdaga av J.R. Hind i 1855.[4]

Djupromsobjekt endre

Tvillingane ligg i retning bort frå Mjølkevegen og har derfor relativt få djupromsobjekt. Eskimotåka og Medusatåka, Messierobjekt M35 og Geminga er dei som er mest kjende. Eskimo- og Medusatåka er begge planetariske tåker, høvesvis 2 870 lysår og 1 500 lysår unna. M35 er ein open stjernehop som vart oppdaga i 1745 av den sveitsiske astronomen Philippe Loys de Chéseaux. And Geminga er ei nøytronstjerne som ligg kring 550 lysår frå jorda. Andre objekt er NGC 2129, NGC 2158, NGC 2266, NGC 2331, NGC 2355 og NGC 2395.

M35 (NGC 2168) er ein stor, langstrekt, open hop med storleiksklasse 5. Han har eit areal på kring ,2 kvadratgrader og er like stor som fullmånen.

Meteorsverm endre

Geminidane er ein kjend meteorsverm som har ein topp kring 13.-14. desember kvart år. På det meste kan ein sjå kring 100 meteorar i timen.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tvillingane

Koordinatar:   07h 00m 00s, +20° 00′ 00″