Denne artikkelen handlar om stoffet. For elva, sjå Tweed i Skottland. For andre tydingar, sjå tweed (fleirtyding).

Tweed (uttalt twi:d) er ein type grovt ullstoff som opphavleg var eit skotsk husflidprodukt. I dag viser omgrepet til vevnadar av grovspunne kardegarn som er melert eller einsfarga i enkle bindings- og fargemønster.[1] Stoffet er særleg knytt til Sør-Skottland, og blei opphavleg laga av eitt garn som hadde to eller fleire fargar.[2] Ordet «tweed» oppstod truleg som ei feillesing av tweel, det skotske ordet for tvill (eller ei forkorta form av tweeled), hjelpt av namnet til elva Tweed i Skottland.[2]

Harris Tweed frå midten av 1900-talet.

Tweed er særleg knytt til britiske klede frå edvardiansk tid (byrjinga av 1900-talet). Dei blei brukte av eliten og seinare av middelklassen til friluftsaktivitetar som jakt, golf, sykling og bilkøyring. I tillegg til i jakker, vestar og bukser (som nikkers) er tweed eit vanleg stoff for sikspensluer. Stoffet har hatt oppsving i bruken på 1960-talet og på 2000-talet.

Kjelder endre

  1. «Tweed», Store norske leksikon, 15. februar 2009 
  2. 2,0 2,1 «tweed, n.», OED Online, Oxford University Press, mars 2016 
  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.