Twin Peaks er ein amerikansk fjernsynsserie skapt av David Lynch og Mark Frost. Serien følgjer etterforskinga av mordet på ein populær tenåring, Laura Palmer (spelt av Sheryl Lee), leia av FBI-agenten Dale Cooper (Kyle MacLachlan). Pilotepisoden vart send 8. april 1990 på ABC, og sju episodar til vart laga, i tillegg til ein sesong nummer to, som var på lufta til 10. juni 1991. Namnet på serien kjem frå ein liten, oppdikta by i delstaten Washington. Serien vart filma i Snoqualmie og North Bend, medan studioopptak vart filma i California.

Twin Peaks

Typefjernsynsserie
OriginaltittelTwin Peaks
SjangerKrim
Psykologisk thriller
Overnaturleg
OpphavslandUSA
ProduksjonslandUSA
Introduksjonsår1990
Sesongar3
Episodar30
Lengd47 minutt
94 minutt ("Pilot" & "Episode 8")
SpråkEngelsk
SkaparMark Frost, David Lynch
ProdusentMark Frost, David Lynch
ManusTricia Brock, David Lynch, Mark Frost
RegiDavid Lynch, Mark Frost
MusikkAngelo Badalamenti
MedverkandeKyle MacLachlan
Michael Ontkean
Mädchen Amick
Dana Ashbrook
Richard Beymer
Lara Flynn Boyle
Joan Chen
Eric Da Re
Sherilyn Fenn
Warren Frost
Harry Goaz
Michael Horse
Piper Laurie
Sheryl Lee
Peggy Lipton
James Marshall
Everett McGill
Jack Nance
Kimmy Robertson
Russ Tamblyn
Kenneth Welsh
Ray Wise
Periode8. april 1990–
10. juni 1991
KanalABC
LydformatDolby Surround 2.0
Dolby Digital 5.1 (DVD)

Twin Peaks vart ein kritikarsuksess både i heimlandet og internasjonalt og fekk ein trufast fanskare. Serien vart ein del av populærkulturen og vart referert til i andre fjernsynsseriar, TV-reklamar, videospel, filmar og songtekstar. Dalande sjåartal gjorde at ABC insisterte på at identiteten til mordaren til Laura måtte avslørast halvvegs i andre sesongen. I 1992 vart det laga ein film, Twin Peaks: Fire Walk with Me, som omhandla perioden opp til handlinga i fjernsynsserien starta. Filmen gjorde det dårleg i Amerika, men vart ein suksess i Japan.

I 1997 vart pilotepisoden rangert på 25. plassen på TV Guide si liste over «dei 100 beste episodane gjennom tidene».[1] I 2002 vart serien rangert på 45. plassp lista til TV Guide over «dei 50 beste fjernsynsseriane gjennom tidene» og i 2007 vart han av Time teken med på lista deira over tidenes beste fjernsynsseriar.[2] Serien vart plassert på 49. plass på lista til Entertainment Weekly over «Nye TV-klassikarar»,[3] og på 12. plass på lista deira over «dei 25 beste kultseriane dei siste 25 åra».[4]

Som med mykje av arbeidet til Lynch (særleg Blue Velvet) utforskar Twin Peaks gapet mellom det respektable småbylivet og det meir lurvete laget like under. I løpet av serien vert det avslørt at fleire av rollene som først verkar å vere uskuldige lever dobbeltliv med ei langt mørkare side.

Som med dei fleste verka til Lynch, er det ikkje lett å plassere Twin Peaks i ein enkel sjanger. Sjølv om den urolege stemninga og dei overnaturlege fenomena som skjer passar inn i grøssar-sjangeren, er den sære, melodramatiske skildringa av dei lunefulle karakterane ein bisarr komisk parodi på amerikansk såpeopera. I tillegg har serien, som mange av filmane til Lynch, ein rar humor og mykje surrealisme.[5]

Kjelder endre

  1. «Special Collector's Issue: 100 Greatest Episodes of All Time». TV Guide (June 28–July 4). 1997. 
  2. Poniewozik, James (6. september 2007). «The 100 Best TV Shows of All-TIME». Time. Arkivert frå originalen 14. september 2008. Henta 12. november 2012. 
  3. «The New Classics: TV». Entertainment Weekly. 18. juni 2007. Henta 12. november 2012. 
  4. «25 Best Cult TV Shows from the Past 25 Years.» Entertainment Weekly. 3. august 2012, s. 40.
  5. Lavery, David, red. (1995). Full of Secrets: Critical Approaches to Twin Peaks. Wayne State University Press. ISBN 0-8143-2506-8. Henta 13. november 2012.