Tylldalsspelet er eit norsk historisk spel som kvar olsok vert spela i bygdetunet i Tylldal i Tynset kommune i Nord-Østerdal i Hedmark fylke. Manus er av Ola Jonsmoen og musikken av Ellef Røe. Dei medverkande er bygdefolk frå regionen.

Handling endre

Ein flokk på pilegrimsvandring kjem til gards olsok ein gong på 1100-talet, og kjærleiken blømer i brytninga mellom kristendom og heidendom.

Bakgrunn endre

Gammalkyrkja i Tylldalen hadde mykje forvitneleg inventar frå tidlegare katolisisme, då bygda sokna til Nidaros, mellom anna eit olavsbilete og ein stol som erkebispen sjølv må ha sete i. Det er utkantbygdene som best har halde på olsok-feiringa, som til dømes Høgvålen over på svensk side i Härjedalen, og ute på Færøyane er olsok sjølve nasjonaldagen. Musikken i Tylldalsspelet er inspirert av gamle færøytonar.