Tynntarm

(Omdirigert frå Tynntarmen)

Tynntarmen (lat. intestinum tenue) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen.

Tynntarm

Diagram over tarmane som viser tynntarmen i raudt.
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD007421
Operasjon av tynntarm med kaldbrann.

Hjå menneske byrjar tarmen med pylorus (portnaren eller mageporten) ved magesekken og endar med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil ved byrjinga av tjukktarmen. Tynntarmen har tre delar: Tolvfingertarmen (duoedenum), jejunum og ileum. Tarmen er vanlegvis omtrent 5 meter lang, men kan vera frå 3 til 7 meter.

I den innleiande delen av tynntarmen, (tolvfingertarmen), blir det tilført galle og bukspytt, som inneheld enzym og nøytraliserer magesyre. I resten av tarmen (særleg i jejunum) blir det tilført tarmsaft frå kjertelceller som sit i slimhinnene. Her og i ileum blir nedbrytinga av næringsstoff til einingar (molekyl) så små at dei kan takast opp av organismen fullført. Molekyla blir saug opp gjennom tarmtottar langs veggane i tynntarmen.

Mellom anna tek tynntarmen opp vatn, mineral som jern, kalsium, klor og natrium, gallesalt som finst i galle, vitaminar, feitt, aminosyrer og monosakkarid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tynntarm
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.