USNS «Harvey Milk» (T-A0-206)

USNS «Harvey Milk» (T-A0-206) er eit amerikansk tankskip i John Lewis-klassen. Skipet blei bygt ved General Dynamics NASSCO i San Diego i 2021.[1] Tankskipet vert operert av Military Sealift Command for å støtte skip frå den amerikanske marinen. Skipet har ei lengd på 226 meter og ei breidd på 32 meter.[2]

USNS «Harvey Milk»
Karriere i USA
Klasse: John Lewis
Type: påfyllings-tankskip
Eigar: Den amerikanske marinen
Operatør: Military Sealift Command
Verft: National Steel and Shipbuilding Company
Sjøsett: 6. november 2021
Døypt: 6. november 2021
Sett i teneste: 6. november 2021
Identifisering: IMO-nummer: 9838773
Generelle eigenskapar
Lengd: 226 m
Dekkbreidde: 32 m
USNS «Harvey Milk» rett før sjøsettinga i november 2021

Historie endre

Fram til 2011 hadde dei amerikanske styrkane ein personalpolitikk som var kjend som «Don't ask, don't tell». Den innebar at homofile blei tolerert, så lenge dei ikkje var opne om legninga si.[3]

I juli 2016 informerte den amerikanske marineministeren, Ray Mabus, kongressen om at han ville gje Military Sealift Command sine skip i John Lewis-klassen namn etter framtredande borgarrettighetsleiarar. USNS «Harvey Milk» er oppkalla etter homoaktivisten Harvey Milk, som kjempa for rettar for homofile.[4] Skipet er det fyrste i den amerikanske marinen som er oppkalla etter ein open homofil person.[5] Milk tenestegjorde som løytnant i den amerikanske marinen under Koreakrigen om bord på ubåtredningsskipet USS «Kittiwake» (ASR-13).[4] Han trakk seg frå marina i 1955 med det som vert kalla «avskjed i unåde».[6] Milk trakk seg for å ikkje bli stilt for krigsrett som homofil.[3][7] I samband med skipsdåpen den 6. november 2021[8] uttalte marineminister Carlos Del Toro «Skipsnavn er viktige fordi de gir uttrykk for hvilke verdier vi har som marine og som land og viser frem de verdiene over hele verden i alle havner».[3]

Bygginga av skipet starta i september 2018 ved National Steel and Shipbuilding Company (NASSCO).[9]

Kjelder endre

  1. «NASSCO starts construction of first John Lewis class oiler», Marine Log (på engelsk), 21. september 2018, henta 23. april 2022 
  2. «Navy oiler Harvey Milk launched in San Diego amid cheers and heartache», San Diego Union-Tribune (på engelsk), 6. november 2021, henta 23. april 2022 
  3. 3,0 3,1 3,2 Elster, Kristian (8. november 2021), «USAs marine kaller opp skip etter homoaktivist», NRK (på norsk bokmål), henta 23. april 2022 
  4. 4,0 4,1 «Navy to Name Ship After Gay Rights Activist Harvey Milk», USNI News (på engelsk), 28. juli 2016, henta 23. april 2022 
  5. Staley, Oliver, «The US Navy is naming a ship after slain gay rights leader Harvey Milk», Quartz (på engelsk), henta 23. april 2022 
  6. «Naval records indicate SF library's Milk discharge paperwork a fake», Bay Area Reporter (på engelsk), henta 23. april 2022 
  7. Shivaram, Deepa (7. november 2021). «The U.S. Navy has christened a ship named after slain gay rights leader Harvey Milk». NPR (på engelsk). 
  8. Press, Associated (7. november 2021), «Navy launches ship named for gay rights leader Harvey Milk», Navy Times (på engelsk), henta 23. april 2022 
  9. «Navy to Christen Future USNS Harvey Milk», United States Navy (på engelsk), henta 23. april 2022