USRP, Universial Software Radio Peripheral er eit programvarebasert radiokort utvikla av Ettus Research som gjer det mogleg å enkelt utvikla sitt eige programvarebaserte radiosystem. Programmeringa for kortet skjer vanlegvis ved hjelp av programvarepakken GNU Radio, som er eit prosjekt under open kildekode. Her kan ein skrive skript under programmeringsspråket Python som gjer til dels avanserte ting. Trenger ein meir kontroll, kan ein gå inn og programmera dei enkelte modula med programmeringsspråket C++.

Det er vorte utvikla forskjellige artige ting for USRP-kortet av forskjellige skikkelsar innan miljøet. Kortet kan blant anna brukast som spektrumanalysator, radar, basestasjon for GSM, RDS-sender og AIS-mottaker. Det er eigentleg ingen begrensingar på kva det kan brukast til da det for programvarebaserte radiosystem ikkje er nødvendig å installera nye komponentar for å få ny funksjonalitet. Ein må berre installera ny kode.

Bakgrunnsstoff endre