Udhailiyah (arabisk العضيلية) er eit lite bustadområde for oljearbeidarar i det indre av Austprovinsen i Saudi-Arabia i ørkenen sørvest for Dhahran-Dammam-Khobar storbyområde. Han vart bygd av det nasjonale oljeselskapet Saudi Aramco, og har kring 1 350 innbyggjarar.

Udhailiyah
landsby
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 25°08′N 49°18′E / 25.133°N 49.300°E / 25.133; 49.300
Kart
Udhailiyah
25°08′00″N 49°18′00″E / 25.1333°N 49.3°E / 25.1333; 49.3

Udhailiyah er det minste av fire bustadområde bygde av Saudi Aramco. Han er òg den sørlegaste og mest isolerte av dei fire bustadområda. I nordaust ligg byen Hofuf og den store Al-Hasa-oasen. Som for dei andre bustadområda, er Udhailiyah omringa av fleire gjerde og tilsette i Saudi Aramco og familiane deira bur på innsida. Samfunnet er ei blanding av saudiarabarar, amerikanarar, andre arabarar, indarar, pakistanarar og fleire andre.

Historie endre

Leiren vart opphavleg oppretta for menn som dreiv oljeboring i området. Seint i 1970-åra vart leiren utvida til å ta i mot vestlege tilsette og familiane deira. Leiren vart stengd i 1980-åra, og opna opp att i åra etter Golfkrigen. Etter det stadig voks fram radikale element i Saudi-Arabia etter 2001, er det sett ut væpna vakter ved leiren frå den saudiarabiske nasjonalgarden.

Sjå òg endre