Ukulele er eit strengeinstrument i luttfamilien. Det har vanlegvis fire nylonstrengar,[1][2][3] stemt i dei same intervalla som dei fire lysaste strengen på ein vanleg gitar, berre den mørkaste ein oktav lysare. Vanleg stemming for ein ukulele er G-C-E-A. Instrumentet stammar frå Hawaii, der det vart utvikla på 1880-talet, med påverknad frå instrument frå Brasil og Portugal. Ukulelen ser ut som ein gitar, og det som i hovudsak skil det frå ein gitar er storleiken og talet strengar.

Ukulele

Klassifiseringplucked necked box lute
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-5

Instrumentet oppstod på 1800-talet på Hawaii som ei tilpassing av det portugisiske machete (cavaquinho),[4] eit lite gitaraktig instrument som vart innført til Hawaii av portugisiske innvandrarar, hovudsakleg frå Madeira og Azorane. På 1900-talet vart det særs populært i resten av USA, og deretter spreidde det seg utover i verda.

Storleikar endre

Det finst fire vanlege storleikar av ukulele: sopran, konsert, tenor og baryton. Sopranen er den minste og vanlegaste, og er rekna som standard storleik. Konsertmodellen, concert, har litt lengre strenge-mensur; og dermed lengre hals med fleire band. Tenor har i tillegg ein større kropp og meir basstone. Den største, barytonen, er nærast gitaren i tone og stemming [5]

Type Strengemensur Instrumentlengd Stemming
sopran 33 cm 53 cm a' d' f#' h'
konsert 38 cm 58 cm a' d' f#' b' eller g c' e' a'
tenor 43 cm 66 cm g' c' e' a', g c' e' a' eller d' g h e'
baryton 48 cm 76 cm d g h e'

Bruk endre

Av norske artistar som tidvis også har spelt ukulele kan ein nemna Espen Lind, Siri Nilsen, Lillebjørn Nilsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Tony Sheehan, Morten Asklie, The Jumping Fleas, Øystein Dolmen med Knutsen & Ludvigsen, Gunnar Andersen med 3 Busserulls, Harald Heide-Steen jr., Stephan Slaaen, Anders Opdahl, Åse Kleveland og Otto Nielsen. Sveinung Hovensjø spelte cavaquinho (forløparen til ukulele) med Trio de Janeiro på 1980- og 1990-talet.

Kjelder endre

  1. Erich M. von Hornbostel & Curt Sachs, "Classification of Musical Instruments: Translated from the Original German by Anthony Baines and Klaus P. Wachsmann." The Galpin Society Journal 14, 1961: 3–29.
  2. «Ukulele». Merriam-Webster. Henta 22. januar 2016. 
  3. «ukulele». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  4. Tranquada and King (2012). The Ukulele, A History. Hawaii University Press. ISBN 978-0-8248-3634-4. 
  5. «For an instrument that is affordable, upbeat and lightweight, invest in ukulele brands.». United States. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.