Ulf Sand

norsk økonom og politikar

Ulf Oscar Sand (fødd 22. mai 1938 i Bærum, død 29. desember 2014 på Bærum sjukehus) [1] var ein norsk byråkrat og politikar for Arbeidarpartiet. Ulf Sand var utdanna sosialøkonom (cand.oecon.) frå 1963. Han var finansminister frå 8. oktober 1979 til 14. oktober 1981.

Ulf Sand
Fødd22. mai 1938
Bærum kommune
Død29. desember 2014 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Statssekretær endre

I Trygve Bratteli si første regjering var han statssekretær i Løns- og prisdepartementet frå 19. mars 1971 til departementet vart lagt ned 8. mai 1972, og deretter i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet frå dette vart oppretta 8. mai 1972 til regjeringa gjekk av 18. oktober 1972.

Han var deretter på nytt statssekretær i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i Trygve Bratteli si andre regjering frå 22. oktober 1973 til 15. januar 1976, og heldt deretter fram i same departement i Odvar Nordli si regjering til 10. oktober 1977.

Statsråd endre

Ulf Sand var statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i to regjeringar, frå 1979 til 1981:

Yrkeskarriere endre

Ulf Sand var tilsett i planleggingsavdelinga i Finansdepartementet 1964-1966. Han var deretter økonom i LO 1966-1971, og leiar for LO si økonomiske avdeling 1977-1983.

Han var direktør for Statens lånekasse for utdanning 1983-1986. Han vart utnemnd til departementsråd i Kommunal- og arbeidsdepartementet i juni 1986 (Kommunal- og regionaldepartementet frå 1998), og var der til han gjekk av med pensjon i juni 2003.

Kjelder endre

Ulf Sand hos Stortinget.no

Fotnote endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.