Ullensaker prestegard

60°04′57″N 11°10′11″E / 60.0825020994°N 11.1695968661°E / 60.0825020994; 11.1695968661

Foto: Ole Skarbø, ca. 1920–23

Ullensaker prestegard (opphavleg Ullinshof) ligg søraust for Ullensaker kyrkje. Prestegarden og kyrkja har røter attende til mellomalderen, men kyrkja har stått på forskjellige stader lokalt. Den noverande hovudbygningen på prestegarden vart oppført i 1826. Det er eit laftebygg i to etasjar med saltak. Ved ei omfattande vøling i 1896–97 fekk bygget sveitserpreg. Bygget vart òg modernisert i 1972, då planløysinga vart endra. Det er no rom på kvar side av ein midtgang. Det nasjonalromantiske stabburet er frå 1898. Dei to bygga vart freda i 1992.

Kjelder endre

  • Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «44 Ullensaker prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 45–46. 

Bakgrunnsstoff endre