Ullensvang prestegard

prestegard i Ullensvang kommune

60°19′10″N 6°39′07″E / 60.319356°N 6.652011°E / 60.319356; 6.652011

Ullensvang prestegard

Kyrkja sett frå prestegardstunet på nordsida. Våningshuset er litt utanfor høgre biletkant.
Foto: Siv Nytrøen Leden / Riksantikvaren
Kart
Ullvensvang prestegard
60°19′10″N 6°39′07″E / 60.319356°N 6.652011°E / 60.319356; 6.652011

Ullensvang prestegard ligg like nordvest for Ullensvang kyrkjeLofthus i Hardanger.

Garden er nemnd første gong i 1309, og det har vore prestegard her samanhengande sidan, med eit lite opphold på fyrste halvdel av 1600-talet, då det var prestegard i Kinsarvik. Fleire hovudbygningar er kjende gjennom historia. Den noverande vart oppført etter at den førre vart riven i 1865, under sogneprest Hans Irgens. Det er eit halvannen etasjes laftebygg med liggjande panel og saltak. Hos Opplysningsvesenets fond vert det påpeika likheiter med Linstow sine typeteikningar for prestegardar på landet, utarbeidd i samarbeid med Jakob Sverdrup.

Hovudbygningen er freda saman med tre andre bygningar. Ei borgstove som ein trur er frå fyrste halvdel av 1800-talet, har form av ei røykstove med to rom og svalgang på vestsida. Eit stabbur i halvannan etasje er oppført rundt 1800. Det har svalgang på tre sider. Eit naust med hellelagt tak ligg ned mot strandkanten.

Biletgalleri endre

Kjelder endre