Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 117 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Donau og er kreisfri by som er administrativt sete for landkreisen Alb-Donau. Saman med nabobyen Neu-Ulm på den andre sida av elva er det om lag 165 000. Neu-Ulm ligg derimot i delstaten Bayern. Dei næraste større byane er Augsburg og München i søraust og Stuttgart i nordvest.

Ulm
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Ulm
Ulm is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Tübingen
Kreisfri by
Først nemnd i 854
Ordførar Gunter Czisch (CDU)
Geografi
Flatevidd
 - By

118,69 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

117 977
  994/km²
Koordinatar 48°24′0″N 9°59′0″E / 48.40000°N 9.98333°E / 48.40000; 9.98333
Høgd over havet 458-645 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 89073-89081, 89160
Telefon-retningsnummer 0731, 07304, 07305, 07346
Bilnummer UL
Heimeside: www.ulm.de

Ulm, som vart grunnlagd rundt 850, har ei rik historie og tradisjonar som ein tidlegare fri keisarby. I dag er han eit økonomisk senter med forskjellige industriar, og har mellom anna eit universitet grunnlagd i 1967. Internasjonalt er Ulm kjend for kyrkja Ulmer Münster og som fødestaden til Albert Einstein. Ulmer Münster har det høgaste kyrkjetårnet i verda med ei høgd på 161,5 meter og 753 trappesteg. Frå toppen er det av og til utsyn heilt fram til Alpane.

Geografi endre

Ulm ligg der elvane Blau og Iller munnar ut i Donau i ei høgd 479 meter over havet. Det meste av byen, inkludert gamlebyen ligg på den venstre sida av Donau, og berre bydelane Wiblingen, Gögglingen, Donaustetten og Unterweiler ligg på den høgre. Vis-à-vis gamlebyen, på den andre sida av elva, ligg tvillingbyen Neu-Ulm i delstaten Bayern. Han er mindre enn Ulm og fram til 1810 var han ein del av Ulm (innb. ~50 000). Bortsett frå Donau i sør er byen omgjeve av skogar og åsar som stig opp til ei høgd på 620 meter, nokre av dei i Schwabisk Alb. Sør for Donau glir slettene og åsane etter kvart over i dei nordlege delane av Alpane, som ligg om lag 100 km frå Ulm, og som er synleg frå byen på klåre dagar.

Byen er delt inn i atten bydelar (Stadtteile): Ulm-Mitte, Böfingen, Donaustetten, Donautal, Eggingen, Einsingen, Ermingen, Eselsberg, Gögglingen, Grimmelfingen, Jungingen, Lehr, Mähringen, Oststadt, Söflingen (mit Harthausen), Unterweiler, Weststadt og Wiblingen.

Historie endre

Dei første busetnadane ein har funne spor av i Ulm er frå tidleg neolittisk tid (om lag 5000 fvt.), og desse har ein funne i landsbyane Eggingen og Lehr, som i dag er bydelar i Ulm.

Ulm vart først nemnd i 854 og erklært fri keisarby av Fredrik Barbarossa i 1181. Først vart byen viktig på grunn av ein Königspfalz, ein stad der tyske kongar og keisarar overnatta på sine mange reiser. Seinare vart Ulm ein by for kjøpmenn og handverkarar. Eit av dei viktigaste rettsdokumenta for byen var ein avtale mellom aristokratane i Ulm og handelslauga (Großer Schwörbrief) frå 1397. Dette dokumentet tar opp tidlege vedtekter for byen og bygginga av ein enorm katedral (Ulmer Münster, 1377), finansiert av innbyggjarane sjølv og ikkje av kyrkja. Ulm blømde på 1400- og 1500-talet, hovudsakleg på grunn av kvalitetstekstil. Byen låg der to viktige handelsruter til Italia kryssa kvarandre. I løpet av desse hundreåra vart det reist fleire bygningar og var i tillegg eit høgdepunkt innan kunst, særleg for målarar og skulptørar som Hans Multscher og Jörg Syrlin d.e.. Under reformasjonen vart Ulm protestantisk (1530). Då ein oppdaga nye handelsruter til Den nye verda på 1500-talet og med trettiårskrigen på første halvdel av 1600-talet vart byen mindre og mindre viktig. Rundt 1700 vart han fleire gongar vekselsvis invadert av franske og bayerske soldatar.

I krigane etter den franske revolusjonen vart byen okkupert av både franske og austerrikske styrkar, og austerrikarane øydela festningsverka i byen. I 1803 mista han statusen som fri keisarby og vart ein del av Bayern. Under felttoget i 1805 klarte Napoleon å omringe den invaderande austerrikske hæren til general Mack og tvinga han til å overgje seg i slaget ved Ulm. I 1810 vart Ulm innlemma i Württemberg og mista bydelane som låg på høgre breidda av Donau, som då vart kjend som Neu-Ulm (Nye Ulm).

På midten av 1800-talet vart byen utpeikt som ei festning av Det tyske forbundet og fekk bygd store militærkonstruksjonar under trugselen av ein fransk invasjon. Byen vart eit viktig senter for industrialiseringa i Sør-Tyskland på andre halvdel av 1800-talet. På denne tida vart den store katedralen ferdigbygd. Bygginga hadde stått stille sidan 1500-talet på grunn av økonomiske årsaker og stod heilt ferdig i 1891.

 
Utsyn frå Münster mot Hirschstraße. Sidan denne delen nesten vart heilt øydelagd i 1944, består han hovudsakleg av moderne arkitektur.

Frå 1933 til 1935 vart det oppretta ein konsentrasjonsleir for nazistane sine politiske motstandarar. Jødane i Ulm, rundt 500 menneske, vart først diskriminert og seinare forfulgt. Synagogen deira vart brend ned etter krystallnatta i november 1938. Under den andre verdskrigen vart byen kraftig øydelagd under allierte bombetokt. Det mest alvorlege bombeåtaket skjedde 17. desember 1944 og tok livet av 707 innbyggjarar medan 25 000 vart heimlause. Mot slutten av krigen var 80 % av mellomalderbyen, som før krigen var den største i Sør-Tyskland, i ruinar.

Det meste av byen vart bygd opp i ein enkel 50- og 60-talsstil, men enkelte historiske landemerke vart rekonstruert. Ulm opplevde ein stor vekst i etterkrigsåra og det vart oppretta nye, store bustadområde og industrisoner. I 1967 vart universitetet i Ulm oppretta. I løpet av 1980-åra skifta den tradisjonelle industrien til meir høgteknologisk industri og fleire forskingssenter til store selskap som DaimlerChrysler, Siemens og Nokia og fleire små forskingsinstitutt nær universitetet vart oppretta. I dag veks byen framleis og i lag med tvillingbyen har dei i lag 170 000 innbyggjarar.

Kjende personar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ulm