Ulrik Motzfeldt

norsk jurist og politikar

Ulrik Anton Motzfeldt (27. januar 180710. juli 1865) var ein norsk høgsterettsassessor, professor og politikar, fødd på Saint Thomas i Dansk Vestindia. Peter Motzfeldt var far hans, Ketil Motzfeldt bror hans.

Ulrik Motzfeldt

Fødd27. januar 1807
Saint Thomas
Død10. juni 1865
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkedommar, professor, politikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnErnst Motzfeldt
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Norske Videnskaps-Akademi

Motzfeldt vart student frå Christiania katedralskule i 1823 og cand. jur. i 1826. Han var advokatfullmektig frå 1827. I 1829 innstilte professorkollegiet ved universitetet Motzfeldt til eit lektorat, men kongen nekta å utnemne han. Frå 1834 var han professor i lovkunne, fyrste fem år i konstituert stilling. Han vart utnemnd til assessor ved Høgsterett i 1842, hadde då fungert som ekstraordinær assessor i tre år. 1847-52 var han sorenskrivar i Rakkestad, sidan atter høgsterettsassessor til han døydde. I eigenskap av høgsterettsassessor deltok han i riksretten 1845.

Motzfeldt var medlem av ei rekke kongelege kommisjonar; om dissentarlova 1843, kredittstellet 1843 og 1846, husmannslova 1850, helsestellet («sundhetsvæsenet») 1858, om juryordninga sitt samsvar med grunnlova 1859 og av kyrkjekommisjonen 1859. Han var formann i den parlamentariske jurykommisjonen av 1854 og medlem av den kongelege kommisjonen om same i 1859.

I 1842 og mellom 1853 og 1860 var Motzfeldt ordførar i Christiania. Elles medlem av bystyret i ei rekke av år.

Motzfeldt var stortingsmann frå 1851 til 1860. I 1851 var han 1. representant frå Smaalenenes amt, var då medlem av protokollkomiteen og trykkekomiteen. Han heldt fram i protokollkomiteen då han i 1854 representerte Christiania på Stortinget. Elles var han då sekretær i komiteen om nøytralitetsløyvingar og medlem av valkomiteen. På Stortinget 1857 og omframstortinget 1858 var han 3. representant frå Christiania og Hønefoss. Han var då stortingspresident og medlem av Lagtinget, valkomiteen, fullmaktskomiteen og formann i trykkekomiteen. 1857 var han medlem av kyrkjekomiteen, på omframstortinget formann i budsjettkomiteen. På Stortinget 1859-60 representerte han Christiania, Hønefoss og Kongsvinger. Atter var han medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen. Han var lagtingspresident, formann i konstitusjonskomiteen og medlem av komiteen om statthaldarsaka. 1860 var han medlem av deputasjonen til kongekryninga i Trondheim.

Saman med Anton Martin Schweigaard var Motzfeldt redaktør i dagsavisa Den Constitutionelle, oppstarta i 1836.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914