Ulrik Olsen

norsk politikar

Johan Ulrik Olsen (2. august 18854. oktober 1963), fødd på Hitra, mest kjend som Ulrik Olsen, var ein norsk politikar som representerte Arbeiderpartiet. Han var blant anna kjend som stortingsrepresentant gjennom 27 år, og som statsråd i tre regjeringer. Han var utdanna snikkar.

Ulrik Olsen
Fødd2. august 1885
Hitra kommune
Død4. oktober 1963 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, snikkar, forretningsdrivande
Alle verv

Olsen starta si politiske karriere som kommunepolitikar i Kristiansund. Han blei innvald i bystyret første gong i 1913 og hadde bystyre- og formannskapsverv fram til 1951. Han var ordførar i byen mellom 1934-1940 og 1945-1947. I 1934 blei han første gong vald inn på Stortinget. Han blei først vald inn som representant for kjøpstadane i Møre og Romsdal, frå 1954 blei han vald inn frå Møre og Romsdal fylke. Han gjekk ut av Stortinget etter valet i 1961. Som stortingspolitikar var han blant anna formann i Kommunalkomiteen 1945-1948.

Olsen var saksordførar då Stortinget handsama opprettinga av Kommunal- og arbeidsdepartementet, men var ikkje opphavleg ein av kandidatane då Einar Gerhardsen skulle finne den første til stillinga. Det var først då Ulrik Olsen sjølv gav uttrykk for at han kunne tenke seg jobben, at Gerhardsen og personane statsministeren rådførte seg med, fann ut at Olsen burde få tilbodet.[1]

Ulrik Olsen sat som kommunal- og arbeidsminister i nesten 10 år, frå 20. desember 1948 til 1. september 1958, og var såleis ein del av Einar Gerhardsen si andre regjering, Oscar Torp si regjering og Einar Gerhardsen si tredje regjering.

Fotnotar endre

  1. Gerhardsen, Einar: Samarbeid og strid, side 287

Bakgrunnsstoff endre