Ulster-segnkrinsen

Ulster-segnkrinsen (på engelsk The Ulster Cycle), er ein av fire hovudsegnkrinsar som fortel om irske segner og irsk mytologi. Dei tre andre er Milesar-segnene, Konge-segnene og Feniar-segnkrinsen.

Segnkrinsen er som namnet seier knytt til den irske provinsen Ulster, og fortel om Ulaid, folket i Ulster på den tida landet var eit sjølvstendig rike i jernalderen. Segnene er samanfletta og krinsar om kongen Conchobar mac Nessa og ætta hans, og bustaden hans på Emain Macha. Den mest kjente segna i krinsen er Táin bó Cuailgne, eller Kvegrovet i Cooley. Mange av segnene krinsar om tretta mellom dronninga i Connacht, Medb, og kong Conchobar i Ulster. Sentrale irske gudar, som Lug og Morrigan er òg med i sogene.

Overlevering endre

Dei fire segnkrinsane vart skrivne ned av irske munkar600-talet, etter ei lang tid med munnleg overlevering[treng kjelde]. Her er mytologisk stoff og folkeminnestoff blanda saman med historiske hendingar. Ulster-segnkrinsen er nedskriven i fleire handskrift:

Kjelder endre