Uhell eller ulukke er ei hending som skjer brått og uventa og fører til større eller mindre skadar. Ulukker hender utan at nokon meinte å utløysa dei, men sjansen for ulukke kan aukast gjennom risikoåtferd og reduserast ved hjelp av ulike tryggingstiltak.

Togulukke ved Montparnasse-stasjonen i Paris i 1895.

Ein kan dela inn ulukker ut frå kvar, korleis eller i kva samanheng dei hender, til dømes heime- eller yrkesulukker, brann- eller fallulukker, bil- eller båtulukker.

Plakat frå ein haldningskampanje mot ulukker med fyrverkeri.

Ein kan verne mot ulukker på ulike måtar, til dømes gjennom åtvaringar, kampanjar og forbod mot risikabel åtferd, bruk av tryggingsutstyr som bilbelte eller sykkelhjelm, og tryggleikstesting av utstyr som bilar og fly.

Ein kan teikna ulukkesforsikring som gjev ei viss erstatning ved skader eller dødsfall som følgje av ulukker. Ved ulukker som kunne vore unngått blir ofte den ansvarlege kravd for erstatning eller, ved grov uaktsemd, straffeforfølgde. Ei ulukkeshending forårsaka med vilje er rekna som sabotasje eller attentat.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«ulykke (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ulukke