Truse eller underbukse er undertøy for underkroppen. Ein har henne på seg under overkleda for å verna kjønnsorgana mot kulde og irritasjon frå røffare tøy, og for å verna dei andre kleda mot tilgrising. I dag blir truser òg brukte som moteplagg og for å verka sexy.

Underbukse.
Dameunderbukser i ulike fargar.

Underbuksetypar endre

Underbukser kan dekka store delar av underkroppen eller vera laga av svært lite materiale.

Lange underbukser er bukser som går heilt ned til anklane. Dei blir brukte under langbukser når det er svært kaldt.

Suspensorium og jockstrap er minimale underbuksetypar som let kroppen sleppa frå seg overflødig varme og samstundes hindrar testiklane i å bevega på seg under valdsam rørsle, som i fleire idrettsgreiner.

Galleri endre

Undertøy

Kjelder endre

  1. Tekstilindustrimuseet. «Underbukse» (på norsk). DigitaltMuseum. Henta 15.12.2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Underbukse
  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.