Understraum er ein havstraum som går under havoverflata og som har størst snøggleik i djupare vasslag, ofte nær botnen. Gjennom sund går det ofte understraumar i motsett retning av overflatestraumen, som i Den baltiske straumen eller gjennom Bosporussundet. I det ekvatoriale straumsystemet går det òg understraumar som Cromwellstraumen i Stillehavet.

Ein kan òg ha understraumar langs strender ved havet. Dette kjem i hovudsak av straumar utover frå stranda av vatnet som er skylt opp på strendene av bølgjene (engelsk undertow). Styrken på desse understraumane er avhengig av kor store bølgjene er og til ein viss grad av dei lokale botntilhøva. Enkelte stader, særleg i Nord-Amerika og Australia, kan slike understraumar vere farlege, fordi dei badande kan verte trekt med utover. Sterke tidvasstraumar kan òg skape utovergåande understraumar som kan vere farlege for badande.

Kjelder endre

«understrøm» i Store norske leksikon, snl.no.