Unhalfbricking
Studioalbum av Fairport Convention
Språk engelsk
Utgjeve 3. juli 1969
Innspelt Januar–april 1969
Studio Sound Techniques og Olympic Studios i London
Sjanger Folkrock
Lengd 39:24
Selskap Island
Produsent
Fairport Convention-kronologi 
What We Did on Our Holidays
(1969)
Unhalfbricking Liege & Lief
(1969)


Singlar frå Unhalfbricking
  1. «Si Tu Dois Partir»
    Utgjeve: Juli 1969

Unhalfbricking er det tredje albumet til det britiske folkrockbandet Fairport Convention og kom ut i 1969. Det vert sett på som ein overgang i historia deira og markerte eit steg bort frå amerikansk påverknad mot meir tradisjonelle engelske folkeviser. Denne prosessen hadde starta på det førre albumet, What We Did On Our Holidays[1] og nådde eit høgdepunkt på oppfølgjaren Liege & Lief, som kom ut seinare same året.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA–[2]
PopMatters8/10 stars[3]

Sjølv om det på tida inneheld Bob Dylan-songar som ikkje enno var utgjevne, markerte albumet Sandy Denny som moden songar og låtskrivar, mellom anna «Who Knows Where the Time Goes?», ein song spelt av mange andre artistar og i dag rekna som ein klassikar.[4] Den einaste tradisjonelle songen på albumet, «A Sailor's Life», vert rekna som sentral i utviklinga av engelsk folkrock.

Endringar i besetninga til bandet, ikkje berre på grunn av den musikalske retninga, men òg ytre hendingar, markerer dette albumet som eit vendepunkt i bandhistoria. 1969 var eit produktivt år for Fairport Convention; frå What We Did On Our Holidays til Liege & Lief gjekk det mindre enn tolv månader.

Albumet gav dei òg suksess i Storbritannia for første gong med ein 12. plass på den britiske albumlista, den nest høgaste plasseringa deira i heile karrieren. Singelen «Si Tu Dois Partir» nådde 21. plass på den britiske singellista.[5]

Bakgrunn endre

Den 11. mai 1969[6], to månader før albumet kom ut, vart trommeslagar Martin Lamble og kjærasten til gitaristen Richard Thompson drepen i ei bilulykke då bandet var på veg heim frå ein konsert i Birmingham.[7] Simon Nicol sa seinare:

« Det var eit stort vendepunkt, trur eg. Etter dette tenkte vi mykje på kva vi skulle gjere, om vi skulle gje oss eller ikkje. Det hadde vore morosamt så lenge det varte, men det ville krevje mykje å halde fram. Det hadde gjeve oss mykje, men hadde no òg teke mykje: var det verdt det om det kosta menneske livet? Martin var berre 18 eller 19 år gammal. Han ville blitt så mykje meir enn berre ein trommeslagar, ein annan musikar: det var noko særs spesielt med han.[7] »

Ashley Hutchings sa òg om plateomslaget:

« Når eg tenkjer på albumet tenkjer eg på den forferdelege bilulukka. På biletet på baksida sit vi alle og et rundt eit bord. Skjorta og skinnvesten eg har på meg er det eg hadde på meg då ulukka skjedde. Eg hugsar at det var blodflekkar på dei. Du gløymer ikkje slike ting som det.[8] »

Unhalfbricking var derfor ei vanskeleg tid for gruppa, men vart særs godt motteke. Etter ein periode med harde tankar om framtida, valde dei å halde fram med folkrock-stilen og fiolinisten Dave Swarbrick vart invitert med som eit fulltidsmedlem for oppfølgjaren, Liege & Lief.[1]

Produksjon endre

Fairport Convention hadde vorte invitert til musikkutgjevarane til Bob Dylan i London for å høyre songane frå The Basement Tapes, som då ikkje var gjeven ut enno. Bassgitaristen i bandet, Ashley Hutchings, sa «Me likte alt saman. Me ville ha spelt alle songane om me hadde fått lov».[8] Dei nytta songane «Percy's Song», «Million Dollar Bash» og «If You Gotta Go, Go Now» (omsett til fransk som «Si Tu Dois Partir») for albumet. Den franske teksten for sistnemnde vart skriven under ein pause i ein konsert på Middle Earth Club.[9] I følgje gitaristen Simon Nicol «Eg trur me kjeda oss og det var ein av årsakene til at me kom opp med denne sprø ideen. Tre eller fire av oss slo oss saman i garderoben; dei var anten franske vitjande eller franske studentar i London, og det skjedde der den kvelden.»[9]

Den mannlege vokalisten i bandet, Iain Matthews, forlet bandet under innspelinga av Unhalfbricking for å lage sitt eige album, Matthews' Southern Comfort, etter å ha berre delteke på eit spor, «Percy’s Song».[10] Sandy Denny song solovokal på alle dei andre songane, inkludert hennar eigne songar, «Autopsy» og «Who Knows Where the Time Goes?». Den lange «A Sailor's Life», ei tradisjonell engelsk folkevise nedskriven av A. L. Lloyd, var alt ein del av klubbrepertoaret til Denny. Versjonen på Unhalfbricking har vorte skildra som «vendepunktet i historia til Fairport frå tidleg samtidig americana til engelske songar»[11] og av Richie UnterbergerAllmusic som «eit tydleg signal om det som skulle kome».[1]

Gitarist Richard Thompson medverka med to songar til albumet. Opningssporet «Genesis Hall», ein langsam song i valsetakt, der han spelte dulcimer, og Sandy Denny song vokal. Songen var B-sida til singelen.[12] Genesis Hall var kallenamnet på det tidlegare Bell Hotel i Drury Lane, som hadde vorte okkupert tidleg i 1969 og seinare vart kjend då politiet kasta alle ut.[13] «Cajun Woman», som opnar andre sida av albumet, inneheld Dave Swarbrickfiolin for første gong med Fairport.[14]

Tittel og plateomslag endre

Tittelen kom frå eit ordspel av bandet, som dei kom på medan dei reiste til og frå konsertar.[15] Målet med leiken «Ghosts» var å «unngå å kome fram til eit verkeleg ord»,[16] og «Unhalfbricking» var det Sandy Denny som kom opp med.[17]

Plateomslaget til den britiske utgåva hadde verken tittelen eller bandnamnet på framsida, berre eit bilete (av Eric Hayes)[18] av foreldra til Denny, Neil & Edna Denny, som står utanfor huset sitt i Arthur Road, Wimbledon sør i London, og ein kan så vidt sjå bandet utanfor hageporten.[19][20] Ein kan sjå St Mary's Church i Wimbledon i bakgrunnen.[21] Joe Boyd sa seinare at biletet på «Unhalfbricking» vart teken tidleg på våren, like før ulukka.[22] Omslaget på den amerikanske utgåva til A&M Records var eit bilete av sirkuselefantar med eit lite innsett bilete av bandet.[23]

Mottaking endre

Richie Unterberger i Allmusic skildra Unhalfbricking som «eit overgangsalbum for det unge Fairport Convention, der gruppa kasta frå seg dei nære banda til amerikansk folkrock og starta å vinkle musikken sin mot meir tradisjonell britisk folkemusikk i staden for.».[1]

John Mendelsohn i Rolling Stone skreiv om Unhalfbricking i lag med Liege and Lief og skildra det som «Fairport Convention på sitt beste», og trekte fram «Percy's Song» som «ein juvel på albumet». Han likte ikkje «A Sailor's Life» like godt og meinte den var for lang.[24]

Bandet fekk for første gong suksess på den britiske albumlista, og albumet låg totalt åtte veker på lista med 12. plass som beste plassering.[25] Singelen «Si Tu Dois Partir» låg ni veker på den britiske singellista og nådde 21. plass.[5]Fairport Convention spelte på Top of the Pops den 14. august 1969 og mima til songen med roadie Steve Sparks på perkusjon.[26][27]

I 2004 plasserte musikkmagasinet Q Unhalfbricking på 41. plass på lista si over dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene,[28] og same året skildra The Observer albumet som «eit gjennomført engelsk meisterverk»,[8] og plasserte det på 27. plass på si liste over dei 100 beste britiske albuma.[29] Året etter tok Robert Dimery med albumet i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[30] Sandy Denny-songen «Who Knows Where the Time Goes?» vart stemd fram som «tidenes beste folkevise» av lyttarane på Radio 2 Folk Awards 2007.[31]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Genesis Hall»Richard Thompson03:41
2.«Si Tu Dois Partir»Bob Dylan02:25
3.«Autopsy»Sandy Denny04:27
4.«A Sailor's Life»trad., arr. Denny, Thompson, Simon Nicol, Ashley Hutchings, Martin Lamble11:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Cajun Woman»Thompson02:45
6.«Who Knows Where the Time Goes?»Denny05:13
7.«Percy's Song»Dylan06:55
8.«Million Dollar Bash»Dylan02:56
Bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Dear Landlord» (tidlegare ikkje utgjeven)Dylan04:06
10.«Ballad of Easy Rider»Dylan, Roger McGuinn04:55

Medverkande endre

Andre endre

  • Iain Matthews - korvokal på «Percy's Song»
  • Dave Swarbrick - fele på «Si Tu Dois Partir», «A Sailor’s Life» og «Cajun Woman» og mandolin på «Million Dollar Bash»
  • Trevor Lucas - triangel på «Si Tu Dois Partir»
  • Marc Ellington - vokal på «Million Dollar Bash»
  • Dave Mattacks - trommer på «The Ballad Of Easy Rider»

Produksjon endre

Kjelde:[32]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Unterberger, Richie. «Unhalfbricking». Allmusic. Henta 26. januar 2011. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Ranta, Alan (27. juni 2008). «Fairport Convention: Unhalfbricking». popmatters.com. Henta 13. april 2011. 
  4. «Sold on Song - Song Library - Who Knows Where The Time Goes». BBC. Henta 26. januar 2011. 
  5. 5,0 5,1 Den britiske musikklista
  6. Unterberger, Richie. «allmusic - Martin Lamble > Overview». Allmusic. Henta 26. januar 2011. 
  7. 7,0 7,1 «History: Simon Nicol writes about Fairport». Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 26. januar 2011. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Harris, John (20 June 2004). «Unhalfbricking, Fairport Convention». The Observer (London: The Guardian). Henta 26. januar 2011. 
  9. 9,0 9,1 Unterberger, Richie. «THE BIRTH AND HEYDAY OF FAIRPORT CONVENTION». www.richieunterberger.com. Henta 26. januar 2011. 
  10. «Biography». www.iainmatthews.com. Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 26. januar 2011. 
  11. Zeirke, Reinhard (12. mars 2006). «A Sailor's Life». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  12. Zierke, Reinhard. «Fairport Convention: Genesis Hall». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  13. Fountain, Nigel (1988). Underground: the London alternative press, 1966-74. London: Routledge. s. 84–85. ISBN 0415007283. Henta 26. januar 2011. 
  14. Zierke, Reinhard. «Fairport Convention: Cajun Woman». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. september 2005. Henta 26. januar 2011. 
  15. «Unhalfbricking, Fairport Convention». The Guardian (London). 20. juni 2004. Henta 26. januar 2011. 
  16. «Ghost Game and other game resources - FamilyEducation.com». fun.familyeducation.com. Henta 6. august 2008. 
  17. Greenberger, David. «Metroland Online - Recordings». Metroland. Arkivert frå originalen 8. april 2002. Henta 26. januar 2011. 
  18. Colwell, Stacey (5. mars 2003). «Shooting Stars». Bridgewater Bulletin. Henta 26. januar 2011. 
  19. Irvin, Jim (1998). «Angel Of Avalon: Sandy Denny». Mojo. Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  20. Rennie, Ian & Stephanie. «Fairport Convention Fansite " Expletive-Delighted!" - Discography - UNHALFBRICKING». www.musikfolk.co.uk. Henta 26. januar 2011. 
  21. 51°25′43.03″N 0°12′37.67″W / 51.4286194°N 0.2104639°W / 51.4286194; -0.2104639 (best synleg med «StreetMap»-funksjonen)
  22. Who Knows Where the Time Goes? - The Sandy Denny Story. 22. april 2008. 18 minutt frå start. Arkivert frå originalen 23. april 2008. Henta 26. januar 2011. 
  23. Powell, Aubrey (July - August 2002). «Pavement to penthouse - The aesthetics of folk». Frieze Magazine (68). Arkivert frå originalen 23. oktober 2015. Henta 26. januar 2011. 
  24. Mendelsohn, John (11. juni 1970). «Fairport Convention». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. februar 2007. Henta 26. januar 2011. 
  25. «Unhalfbricking». Arkivert frå originalen 21. september 2012. Henta 26. januar 2011. 
  26. Zierke, Reinhard. «Fairport Convention: Si Tu Dois Partir». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  27. «Fairport Convention Fansite " Expletive-Delighted!" - Discography : SI TU DOIS PARTIR / GENESIS HALL». www.musikfolk.co.uk. Henta 26. januar 2011. 
  28. «Q Magazine – 3 Special Editions Jan, Feb, March 2004». Henta 26. januar 2011. 
  29. «The list in full». London: The Guardian. 20 June 2004. Henta 26. januar 2011. 
  30. Dimery (ed), Robert (2005). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Cassell. ISBN 978-0789313713. 
  31. «BBC - Press Office - Radio 2 Folk Awards 2007 winners». BBC. 6 February 2007. Henta 26. januar 2011. 
  32. Hutchings, Ashley (2003). Unhalfbricking. Fairport Convention. Island Records. s. 3, 16.