Unionen av høgrekrefter

Unionen av høgrekrefter (russisk Союз правых сил (СПС), Sojuz pravykh sil (SPS)) var eit politisk parti i Russland frå 1999 til 2008. Partiet stod for marknadsliberalisme og privatisering og rekna seg som del av den demokratiske opposisjonen mot president Vladimir Putin. Det var medlem av den internasjonale demokratiske unionen, og soleis å rekna som eit søsterparti av Høgre i Noreg. Partiet oppløyste seg sjølv i november 2008.

Unionen av høgrekrefter

LandRussland
Partileiar(ar)Leonid Gozman
GrunnleggjararSergej Kirijenko
Grunnlagt1999
Nedlagt15. november 2008
Medlemstal57 410 (2007)
Ideologiklassisk liberalisme, nyliberalisme, liberalkonservatisme, marknadsliberalisme, proeuropeisk, atlantisme, konservativ liberalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre

SPS vart danna som ein valallianse av uavhengige parti og politiske rørsler før det russiske parlamentsvalet i 1999. Unionen fekk 8,3 % av røystene ved dette valet. 20. mai 2000 vart det stifta som politisk parti. Dei første medlemene av det øvste rådet i partiet var Jegor Gajdar, Sergej Kirijenko, Boris Nemtsov, Irina Khakamada og Anatolij Tsjubajs. Kirijenko og Gajdar hadde vore statsminister i Russland under Boris Jeltsin og Nemtsov og Tsjubajs hadde òg hatt høge regjeringsposisjonar under dei økonomiske reformene på 1990-talet. I desember 2001 vart Nemtsov vald til leiar av partiet, med Khakamada, Gajdar og Tsjubajs i andre leiande posisjonar.

Ved parlamentsvalet i 2003 fekk SPS 3,9 % av røystene, og hamna dermed under sperregrensa på 5 % for representasjon i dumaen. Partiet fekk likevel inn tre representantar i enkeltmannskrinsar. Alle dei fire fremste politikarane i partiet, Nemtsov, Khakamada, Gajdar og Tsjubajs, gjekk av i januar 2004 som eit resultat av dette, og eit kollektivt leiarskap tok over. SPS stilte ingen kandidat til presidentvalet i 2004, som ein protest mot det dei hevda var uregelmessigheiter ved valet i 2003. Irina Khakamada melde seg då ut av partiet og stilte som uavhengig kandidat. Ho fekk 3,9 % av røystene.

I mai 2005 vart 29-åringen Nikita Belykh, leiaren for SPS i Perm oblast og viseguvernør i Perm oblast, vald til ny leiar for partiet.

På årsmøtet i 2004 erklærte SPS seg klare til å delta i ein større demokratisk allianse ved parlamentsvala i 2007. Det har spesielt vore på tale å samarbeida med det liberale partiet Jabloko. Ved valet til byparlamentet i Moskva stilte SPS felles liste med Jabloko. Dette samarbeidet fekk 11,1 % av røystene. Planane om ei samanslåing vart seinare lagt på is.

Før presidentvalet i 2008 nominerte SPS Boris Nemtsov som sin kandidat. 26. desember 2007 trekte han kandidaturet sitt, til fordel for Mikhail Kasianov som samla demokratisk opposisjonskandidat.

I oktober 2008 vedtok partikongressen å oppløysa partiet for å danna eit nytt liberalt parti, Den rette saka (Pravoje delo) saman med to andre tidlegare parti. Leiaren, Nikita Belykh, forlet partiet i protest mot planane. Den nye leiaren, Leonid Gozman, vedgjekk at det nye partiet vart oppretta i samarbeid med regimet i Kreml. Den tidlegare leiaren Boris Nemtsov gjekk òg imot oppløysinga, og sa at dei som gjekk for opprettinga av det nye partiet hadde dømt seg sjølve til eit tilvære som politiske marionettar for Kreml. Partiavdelingane i St. Petersburg og Moskva fordømde oppløysinga. Anatolij Tsjubajs støtta oppløysinga av partiet.[1]

I desember 2008 gjekk ein av dei tidlegare leiarane av partiet, Marija Gajdar, til retten i Moskva for å få erklært oppløysinga av partiet ugyldig.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre