Universitetet i Tartu

58°22′52″N 26°43′13″E / 58.38111°N 26.72028°E / 58.38111; 26.72028

Universitetet i Tartu

Hovudbygninga

Grunnlagt1632
RektorJohan Kõpp, Hans Kruus, Hans Kruus, Jaak Aaviksoo, Alar Karis
Studentar13 000 (2021)
MedlemskapCoimbragruppa
Nettstadhttps://www.ut.ee (estisk)
Film av Universitetet i Tartu frå 2021.

Universitetet i Tartu (estisk Tartu Ülikool, TÜ, latin Universitas Tartuensis) er eit universitet i Estland.

Soge endre

Universitetet blei grunnlagt i 1632 i det som på den tida var ein del av det svenske riket. Under svensketida i Estland fungerte universitetet i to periodar, kjende som Academia Gustaviana (1632–1665) og Academia Gustavo-Carolina (1690–1710). På grunn av krig og uro måtte universitetet i delar av denne tida halde til andre stader.

Under tsar-tida blei universitetet gjenopna som Kaiserliche Universität zu Dorpat (1893–1918, russisk Императорский Дерптский Университет). I 1919 blei universitetet gjenopna som eit nasjonalt estisk universitet. I sovjettida (1940–1941 og 1944–1989) blei universitetet etter sovjetisk modell kalla «Tartu statlege universitet» (estisk Tartu Riiklik Ülikool, TRÜ). Under den tyske okkupasjonen (1942–1944) fungerte universitetet under namnet Ostland-Universität in Dorpat (estisk Eesti Omavalitsuse Tartu Ülikool).

Etter gjenopprettinga av den estiske staten i 1991 har universitetet, som er det eldste, største og fremste universitetet i Estland, utvikla seg til å bli eit internasjonalt miljø, med fleire høve til å studere på engelsk og med omkring 4 % internasjonale studentar blant doktorgradsstipendiatane. I 2007 hadde universitetet totalt i underkant av 18 000 studentar.

Leiing endre

Det øvste styrande organet for universitetet er universitetet sitt råd. Universitetet blir no leia av rektor professor Volli Kalm, som står i spissen for eit rektorat som også omfattar ein studieprorektor, ein forskingsprorektor, direktørar for administrasjon, finans og forvalting, dekanane for kvart fakultet og ein representant for studentrådet.

Fakultet endre

Universitetet har 11 fakultet:

  • Teologisk fakultet (estisk Usuteaduskond)
  • Juridisk fakultet (estisk Õigusteaduskond)
  • Medisinsk fakultet (estisk Arstiteaduskond)
  • Filosofisk fakultet (estisk Filosoofiateaduskond)
  • Biologisk og geografisk fakultet (estisk Bioloogia-geograafiateaduskond)
  • Fysisk og kjemisk fakultet (estisk Füüsika-keemiateaduskond)
  • Pedagogisk fakultet (estisk Haridusteaduskond)
  • Idrettsfakultetet (Kehakultuuriteaduskond)
  • Økonomisk fakultet (estisk Majandusteaduskond)
  • Fakultet for matematikk og informatikk (estisk Matemaatika-informaatikateaduskond)
  • Samfunnsvitskapleg fakultet (estisk Sotsiaalteaduskond)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Tartu