University Corporation for Atmospheric Research

University Corporation for Atmospheric Research (UCAR) er eit konsortium av meir enn 70 universitet i USA som tilbyr doktorgradar i atmosfæriske og tilknytte vitskapar. Det har hovudbase i Mesa Laboratory i Boulder i Colorado. UCAR handsamar National Center for Atmospheric Research (NCAR) og har tenester for å styrke og støtte forsking og utdanning gjennom eit kommunikasjonsprogram.

UCAR vart skipa i 1959 av fakultet frå 14 leiande universitet for å støtte opp om atmosfæriske vitskapar. Dei var motiverte av dei nye metodane innan observasjon og datateknologi og ein sterk forskingsstab, som i lag gjorde at dei kunne utføre kompliserte, langvarige vitskapsprosjekt som ikkje universiteta ville ha klart kvar for seg.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre