Uranos er den eldste av dei greske gudane. Uranos var himmelguden, gift med Gaia, jordgudinna. Sjølve namnet hans tyder det som dekker, altså himmelen. Han var høgt vørd av dei gamle grekarane, av di han bringa varme, ljos og regn til jorda.

Uranos

Identifisert medUranus
MorHemera, Gaia
FarKhaos, Eter, Ophion
EktefelleGaia
BarnAfrodite, Brontes, Steropes, Eurymedon, Alcyoneus, Alpos, Enkelados, Eurytos, Gration, Hippolytos, Mimas, Pallas, Pelorus, Polybotes, Porphyrion, Anax, Damysos, Clytius, Ephialtes, Hoplodamus, Melia, Otus, Briareos, Cottus, Gyges, Okeanos, Koios, Krios, Hyperion, Iapetos, Kronos, Foibe, Mnemosyne, Rhea, Themis, Tethys, Theia, Alecto, Megaera, Arges, Tisiphone, Astraios, Telchines, Lyssa, Abseus, Syceus, Dione, Adanus, Aristaeus, Glauce, Aegaeon, Aetna, Athos, Basileia, Euonymus, Heimarmene
Saturn (Kronos) skamfer Uranus (Uranos). Måleri av Giorgio Vasari og Gherardi Christofano frå 1500-talet.

Uranos var far til alle titanane, kyklopane og dei tre hekatoncheirane: monster med 100 armar og 50 hovud.

Uranos kasta dei opprørske kyklopane ned i Tartaros, ein slags behageleg underverd, og Gaia gå då titanen Kronos, den yngste av sønene til Uranus ei sigd. Med denne overfalt han far sin og skar av han testiklane. Frå blodet oppstod gigantane, meliene og furiene. Det vert òg sagt at då blodet til Uranus trefte havet, vart Afrodite fødd.

Då romarane tok inn Uranos i sin mytologi, gav dei han det nokså like namnet Uranus. Det er dette som har gjeve namn til planeten Uranus.

Uranos har òg mykje til felles med den vediske himmelguden Varuna, og forskarar som Robert Graves har hevda at namna har same opphav. Seinare forsking har i stor grad avkrefta denne teorien til fordel for ei avleiing av protogresk *worsanos, frå den protoindoeuropeiske rota *wers-, 'dryppa, fukta' (om regn).

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Uranos
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.